I romjula presenterer vi klipp frå Orkmannen frå desember 1930. Kva var folk opptekne av i førjulstida for 84 år sidan? Vi er no komne til botns i bunken av gamle Orkmannaviser som vi har fått låne. D...
Les mer
Siste Klipp frå Orkmannen
I romjula presenterer vi klipp frå Orkmannen frå desember 1930. Kva var folk opptekne av i førjulstida for 84 år sidan? Vi er no komne til botns i bunken av gamle Orkmannaviser som vi har fått låne. Difor blir dette truleg siste gongen med Orkmannklipp her på Trollheimsporten.
2014-12-29
Klipp frå Orkmannen 37
Etter ein pause er vi tilbake med noen klipp frå Orkmannen. Vi er no i november 1930. Den uvanleg fine 1930-sommaren er over og Hans Hyldbakk publiserer eit nytt haustdikt. I Rindal har det vore heradsstyremøte og K. M. Elda har gått gardtales på Rindalsskogen.
2014-11-09
Klipp frå Orkmannen 36
I Orkmannen er vi framleis i 1930, nærmare bestemt i oktober månad. 1930 er valår, og mange er opptekne av Stortingsvalet. I det høvet har Johan Falkberget vore på foredragsturne, men ikkje alle er like begeistra over det forfattaren har på hjartet.
2014-08-05
Klipp frå Orkmannen 35
I dag er vi tilbake med Orkmannklipp frå september 1930. Sist var K.M. Elda på sykkeltur gjennom Rindalen. På turen var han og innom Beret på Langmyrhaugen. Det og forskjellig anna smånytt fra Rindala kan du lese i dagens klipp
2014-07-07
Klipp frå Orkmannen 34
I Klipp frå Orkmannen i dag er vi i august 1930. K. M. Elda har vore på sykkeltur til Rindalen,og difor blir det, naturleg nok, mykje Rindalsstoff denne gongen. Elda var innom på mange gardar, opplevde mykje og tala med mange på turen gjennom Lomuddalen, Rørdalen og vidare nedover Bukta.
2014-06-07
Klipp frå Orkmannen 33
Klipp frå Orkmannen 33
Det blir mest Rindalsstoff i dagens klipp frå Orkmannen. Vi er i august 1930, og K.M Elda har teke ut på sykkel til Rindalen for å samle stoff til bladet. Han opplever mykje på turen. Frå Surnadal tek vi med ei revyvise anno 1930.
2014-05-24
Klipp frå Orkmannen 32
I Orkmannen er vi i no i juli 1930. Vinteren 1930 var om lag like uvanleg som den vi har hatt no, og mange undrest på korleis sommaren etter ein slik vinter vil bli. Korleis sommaren 1930 vart, får vi lese litt om i dag. Les også eit svært interessant "reisebrev" frå Rindal.
2014-05-01
Klipp frå Orkmannen 31
Det ser ut til at dei faste innsendarane av rindalsnytt har svikta litt i juni 1930, det er ikkje så mykje stoff herifrå å finne i avisa. Men Hans Hyldbakk er i det produktive hjørnet, og har vore på besøk hos Elda i prenteverket på Svorkmo. Og korleis går det når K. M. Elda blir hosobandlaus?
2014-04-18
Klipp frå Orkmannen 29
Vi er i mars 1930. Hans Hyldbakk får fleire dikt på trykk i Orkmannen. I Rindala har samvirkelaget hatt årsmøte, ein preikar virkar i bygda og det har vore arrangert fleire skirenn.
2014-04-01
Klipp frå Orkmannen 28
Vi er i februar 1930. Rindal Sparebank offentleggjer regnskapet for 1929, referat frå heradsstyremøte i Rindala, to ferske Hyldbakkdikt og litt Rørdalsnytt er noko av det vi byr på i dagen Klipp frå Orkmannen
2014-03-25
Klipp frå Orkmannen 27
I januar 1930 trykker Orkmannen eit privat brev frå Hans Hyldbakk, og får refs frå forfattaren for det. Ei historie om ledddokteren på Garberga og smått og stort frå Rindala er noko av det du finn i dagens Orkmann-klipp.
2014-03-18
Klipp frå Orkmannen 26
Vi har fått tilgang på ein ny årgang av Orkmannen og er komne til året 1930. I dag får vi høyre korleis julekvelden vart feira på ein gard i Rindala i gammeltida. Bladfyk Elden har velta ned kjellartråppa og vorte sengeliggande og Surnadal Billag planlegg første bussruta over Rindalsskogen til Nidar...
2014-03-11
Klipp frå Orkmannen 25
I dag skal vi bli med bladfyken K.M Elda på Rindalstur, nærare bestemt på besøk i Løsetgrenda, og seinare til Nidaros, der han har vore i innlagt på sjukehus. Og det vart det ei lang historie av, skal vi høyre.
2014-03-04
Klipp frå Orkmannen 24
Vi er komne til sommaren 1929, og i dagens Orkmannklipp skal vi gardtales i nybyggarfeltet i Rørdalen, og elles blir det, som vanleg, smånytt både frå Surnadal og Rindal.
2014-02-18
Klipp frå Orkmannen 23
I vår serie frå Orkmannen er vi komne til mars 1929. Vi får litt smånytt frå Rindal, ein artikkel om jorddyrking i Rindal og så skal vi gardtales i Romundstadbygda.
2014-02-04
Klipp frå Orkmannen 22
Eit Hyldbakk-dikt, i tillegg til smått og stort frå Rindala frå februar 1929, er det vi kan by på i denne vekas klipp frå Orkmannen.
2014-01-28
Klipp frå Orkmannen 21
Det er tid for nye Orkmannklipp igjen. Vi er framleis i januar 1929. Stikkord i dag er: Heradsstyremøte i Rindal, amerikabrev og damemoter
2014-01-21
Klipp frå Orkmannen 20
Kva var folk opptekne av for 85 år sidan? Det kan vi få eit inntrykk av når vi les Orkmannen frå januar 1929. I Rindala har det vore "en meget trivelig juletrefest uten dans og lignende kommers" på kommunelokalet og ein mystisk uthusbrann, - "visstnok en av de største kriminalaffærer som har været f...
2014-01-14
Klipp frå Orkmannen 19
Vi hadde tenkt å byrje med Orkmannen årgang 1929 no på nyåret, men så fann vi ei avis vi hadde hoppa over, frå 26. mars 1928. Her er det såpass mykje interesant stoff at vi må ta det med. Les om ein som har vore på besøk hos "den verdensberømte skiløperen John Røen" og om ei jente som gjekk på ski f...
2014-01-07
Klipp frå Orkmannen 18
Det lid mot jul i 1928 i dagens klipp frå Orkmannen. Difor blir det både julesongar og litt om gamle juleskikkar å lese i dag. Og at avisene heller ikkje var utan annonsar i førjulstida i 1928 skal vi og få sjå, men produktutvalet var nok ein god del enklare og annleis den gongen
2013-12-07
Klipp frå Orkmannen 17
I dag presenterer vi klipp frå Orkmannen frå september 1928. Hans Hyldbakk var produktiv og fekk tre dikt på trykk i avisa, ei gruppe meldalingar har vore på biltur til "Stangvik-verdens ende", det blir det referat frå og vi får haustrapport frå Rindal.
2013-11-19
Klipp frå Orkmannen 15
I dagens Orkmannklipp kan du lese referat rå ei reise til Rindal og Surnadal som bladfyken Elda gjorde sommaren 1928. Han var innom på fleire gardar på turen, mellom anna på Bolmvollen, får vi høyre. Fotball har alltid engasjert mange, og her er stor begeistring over at Troll har vunne over Svorkmo ...
2013-11-05
Klipp frå Orkmannen 14
Korleis stod det til på våre trakter og kva var folk opptekne av sommaren 1928? Det kan ein få eit inntrykk av ved å lese dagens Klipp frå Orkmannen. Hans Hyldbakk har publisert nye dikt, ein som kallar seg "Ungkar" har eit litt spesielt syn på kvinnfolk og om dårlege vegar er eit problem i dag, så ...
2013-10-26
Klipp frå Orkmannen 13
Dagens klipp frå Orkmannen er henta frå tre aviser frå mai og juni 1928. Vi får rapport frå Rindala om korleis det står til der ved inngangen til sommaren 1928, gamle "stubbar" frå Lomunddala og litt gardhistorie om Austigard og Utigard Gåsvatn har vi òg fått med. Og Hans Hyldbakk bidreg også denne ...
2013-10-15