Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vi har oversett den store forskjellen!

Dordi Jorunn Halle Onsdag 24. april 2024

Todalen sanitetsforening og Surnadal sanitetsforening inviterte til ope møte om kvinnehelse tysdag 23. april. Da Elinor Bolme ønskte vel møtt, var aulaen på Surnadal vidaregåande skule rett og slett stappfull! Dette var heilt klart eit tema som engasjerer og er av stor interesse.

Les heile saka

På utplassering – godt å prøve litt forskjellig

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. april 2024

På Gammelfabrikken i Brusetmarka trefte vi 3 damer som var på utplassering.  Dei tre går i 9. klasse på Surnadal barne- og ungdomsskule, og denne veka er dei altså på utplassering på Talgø.  I dag var dei altså på jobb på Gammelfabrikken i lag med Anita Talgø.  – I dag var jobben å rydde opp i den gamle soveromsavdelinga og flytte over til den nye historiske avdelinga som er under arbeid. 

Les heile saka

Søndag: Vårsongfest i Bøfjorden

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. april 2024

Søndag 28. april klokka 16 lagar Koret Prosjekt 17, gruppa triOpera, Turid Røen Kroknes og fleire Vårsongfest på Bøfjorden Grendahus. Og her skal songen – ikkje minst allsongen – stå i taket!  – Det er ei kulturell kjernesak dei bokstaveleg slår til lyd for – å halde songen høgt! Mange tykkjer at skulen og samfunnet har svikta her. Men folk vil jo synge – og kan jo synge!

Les heile saka

Aprilturar i godver

Dordi Jorunn Halle Måndag 22. april 2024

Kløverturen 15. april gjekk etter Gammelvegen, og den 22. april var det tur frå Bruset med rundtur om Fosstrøinn og Hengebrua. Og båe måndagane var det sol og godver.

Les heile saka

Trefte på sikre vårteikn

Jon Olav Ørsal Måndag 22. april 2024

På vår runde rundt bygda trefte vi iallfall på 2 sikre vårteikn.  Jenstad Maskin var i full gang med å plukke inn brøytestikker på fylkesvegane.  Det vil seie fylkesvegane rundt bygda til Brusetkrysset og utover til Todalskrysset 

Les heile saka

Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 22. april 2024

Fredag 26. april, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard til ope bakeriutsal i Lia. Her blir det mogleg å få kjøpt både grovbakst og noko godt til helgakaffen!  

Les heile saka

Hamna øvst på sigerspallen i «Patrouille des Glaciers».

Jon Olav Ørsal Sundag 21. april 2024

I helga har det vore sesongslutt for randonee-sporten.  Erik Kårvatn har delteke i det legendariske patruljeløpet «Patrouille des Glaciers» saman med kameratane Finn Høsch frå Tyskland og Oriol Olm Ruppert frå Andorra. Dei 3 gjekk på same 3-mannslag, og var ikkje snauare enn at dei hamna på toppen av seierspallen for sin klasse.

Les heile saka

Søndag med triveleg samling til gudsteneste

Jon Olav Ørsal Sundag 21. april 2024

Bra oppmøte til søndagens gudsteneste i Todalen kyrkja, med vikarprest Torbjørn Brøske på talarstolen og Bernt Bøe som vikar på orgelkrakken.  Som vanleg var det bra salmesong i kyrkja, og gudstenesta starta egentleg med at Torbfjørn brifa menigheita litt om salmesongen.

Les heile saka

Møte om kvinnehelseproblem

Dordi Jorunn Halle Laurdag 20. april 2024

Todalen sanitetsforening og Surnadal sanitetsforening inviterer til ope møte om kvinnehelseproblem. Det skjer tysdag 23. april kl. 19:00 i aulaen på Surnadal vidaregåande skule. 

Les heile saka


Kløvertur til Fosstrøinn

Dordi Jorunn Halle Laurdag 20. april 2024

Sanitetsforeninga inviterer til kløvertur måndag 22. april. Start frå Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Les heile saka

Gå med Surnadal demensforening og helselag

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. april 2024

Nasjonalforeningen for folkehelsen Surnadal demensforening og helselag inngår samarbeid med Treffast Surnadal. Hovedmålet er å få til mere aktivitet sammen med alle som er ledig på dagtid.  Å gå en tur i hyggelig lag bidrar til å bygge god folkehelse og er en fin aktivitet, sier leder i foreningen Liv Botten til Todalen.no.

Les heile saka