Logo Surnadal heimbygdlag
Nyutgjevinga av Hyldbakk-boka «Ei haustferd på Nordmøre 1934» har vore det største prosjektet til Surnadal Heimbygdlag i 2019. Å gi ut boka på nytt, innebar nyinnskriving, biletredigering, trykking og... Les mer
Logo Surnadal heimbygdlag

God aktivitet i Surnadal heimbygdlag

Nyutgjevinga av Hyldbakk-boka «Ei haustferd på Nordmøre 1934» har vore det største prosjektet til Surnadal Heimbygdlag i 2019. Å gi ut boka på nytt, innebar nyinnskriving, biletredigering, trykking og nær kontakt med Nordmøre Museum og med kommunen.
2020-02-27
Haustferd omslag

Annonse:

Haustferda går vidare

”Ei haustferd på Nordmøre 1934” er no å få kjøpt hos Rema 1000 på Alti Surnadal og hos Coop Extra på Skei.
2019-12-06
Bokkveld Karstein Mauset Målprisvinnar 3

Målpris til Karstein Mauset

Torsdag kveld fekk ein overraska Karstein Mauset Målprisen 2019 tildelt av Surnadal Heimbygdlag! Da hadde han æra Hyldbakk med song og styrt lyd under presentasjon av ny utgåve av boka «Ei haustferd på Nordmøre».
2019-09-13
ei haustferd - sverre hatle, trygve roaldset, svein sæter

Hyldbakk-klassiker i ny utgåve

"Ei Haustferd på Nordmøre. 1934" er truleg den mest etterspurde boka til Hans Hyldbakk. No kjem boka, som ikkje har vore tilgjengeleg på mange år, for første gong i ny utgåve. Måndag presenterte Surnadal Heimbygdlag det etterlengta bokprosjektet, og 12. september blir det storstilt lansering.
2019-09-02
 
2018-11-20 12

Du mitt Nordmøre

2018 frå hav til fjell

Mellom permar illustrert frå ytre og indre strøk av Nordmøre finn du mykje interessant lesestoff i årsskriftet til Nordmøre Mållag, med bidrag frå 10.-klassingar til meir aldrande veteranar på over 90 år.
2018-11-20
Markaslått[1]

Surnadal Heimbygdlag annonserer:

Markaslått

No kan du få kjøpt DVD-plata om Markaslått som elevane ved Mo-skulen spela inn i 1980-81. Plata vart nyleg presentert ved ei tilstelning på Mo oppvekstsenter. Les om det her, og nedafor kan du bestille DVD-plata Markaslått.
2018-10-02
Markaslått

Surnadal heimbygdlag

Populær «markaslått» på Mo Skule

Dei som hadde trossa regnvær og vind og teke turen til Mo skule denne kvelden, fekk ei fin stund med mimring om svunne tider i form av bilete og tekst, frå då Mo skule hadde markaslått som valgfag i skuleåret 1980/81
2018-09-27
Du mitt Nordmøre 2016_Omslag (1)-page-0

Du mitt Nordmøre

Veit du kva jorddraging er, har Styrkår Brørs fått Kleivaprisen, kva lærer ein næming? Dette og mykje anna kan du finne svar på i Du mitt Nordmøre 2016, årsskriftet til Nordmøre Mållag, som er ute no.
2016-11-14
2015-11-27 14

God og fyldig 50-åring

Årsskriftet til Nordmøre mållag kjem med si 50. årbok i desse dagane. Den er illustrert med flytebrua mellom Aspøya og Bergsøya, kanskje som symbol på at dei vil gjere sitt til å binde Nordmøre saman.
2015-11-27
Picasa

«Fikk bare Lyset skinne for disse menneskene»

Falkbergets landskap var eit vinterlandskap, mørkt og kaldt, - heilt ulikt det solrike vinterlandskapet Ragnar Evenstad kjørte gjennom over Rindalsskogen på veg til Surnadal for å snakke om lyset i Johan Falkbergets dikting.
2013-04-12
damer i fell_1024x683_cropped_1018x584

Lær av Surnadal husflidslag!

Surnadal husflidslag er midt inne i ein ny, aktiv vinter. Samtidig med at produkta frå etterjulsvinterens skinnfellkurs kan visast fram, kjører laget no i gang med strikke- og heklekveldar på Nymoen. Laget samlar ein medlemsmasse som samla sitt inne med store kunnskapar om mange ulike handarbeidstek...
2013-03-05
Logo SH_250x258

Les årsmeldinga for Heimbygdlaget i saka

Årsmøte i Surnadal Heimbygdlag

Surnadal Heimbygdlag. kallar inn til årsmøte på Vårsøg Hotell måndag 25. februar 2013 kl.19.00. Utanom vanlege årsmøtesaker bør vi drøfte om vi skal markere hundreårsjubileet for Surnadal Heimbygdlag, som eigentleg var i fjor. Korleis feirar vi Språkåret 2013? ”Nynorskstafetten”, som er ei ferd i fo...
2013-02-21
Språkåret mini

Språkåret 2013

I samband med språkåret 2013 arrangerer Sunndal kommune og Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag, med støtte frå Surnadal Heimbygdlag og Nordmøre Mållag, eit språkseminar på Sunndalsøra 28. februar. Utvalde grupper er spesielt invitert, men seminaret er ope for alle. Sjå meir nedafor!
2013-02-21
Ertvingen_715x353

”Ervingen – Ivar Aasen” til Surnadal

Som eit ledd i feiringa av Språkåret 2013 blir songspelet ”Ervingen – Ivar Aasen” vist rundt om i landet. Tysdag 29. januar kl.19.00 kjem turen til Surnadal Kulturhus. Ivar Aasen gjorde fleire reiser gjennom landet for å granske dialektane. Han kom heilt nord til Troms. Sommaren 1846 besøkte han Gj...
2013-01-28
Logo SH

Årsmøte i Surnadal Heimbygdlag

Surnadal Heimbygdlag har årsmøte på Vårsøg hotell torsdag 16. februar klokka 1900. 2011 har vore eit aktivt år for Surnadal Heimbygdlag og Sverre Hatle har laga årsmelding for laget. Sjå heile denne her:
2012-02-13
Handel_1024x683

Vellykka bokslepp

10 år etter at han gjekk bort, vart Hans Hyldbakk torsdag kveld heidra med Hyldbakk-kveld og romanslepp på Surnadal Kulturhus. Bortimot 40 menneske var til stades for å få med seg Svein Sæter kåsere og sleppe romanen “Brotne band”, som ikkje er gitt ut i bokform tidlegare, og som er den einaste rom...
2011-11-11
 
Hans Hyldbakk _350x573

Hyldbakkveld

Surnadal Heimbygdlag arrangerer Hyldbakkveld i Svorkasalen på Surnadal Kulturhus torsdag 10. november kl.19.30. Svein Sæter har funne fram ungdomsromanen til Hans Hyldbakk, ”Brotne band”. No kjem han for første gong ut som bok på Blomsterhaug forlag. Svein kjem sjølv på kulturkvelden og kåserer. Bok...
2011-11-07
Logo SH

Nytt medlem i Trollheimsporten

Surnadal Heimbygdlag er no medlemmar i Trollheimsporten. Du kan sjå informasjonssida deire her. Der finn du også link til side med nyheitsoppslag som Trollheimsporten har hatt om aktiviteten til heimbygdlaget.
2011-11-03
Randi og Sverre Hatle_720x479

ORD og TONAR i Kallastua

Hovudtemaet laurdag ettermiddag var den nyst utkomne diktboka ”Å vera her”, som er eit utval av likt og ulikt som Randi Skrøvset Hatle og Sverre Hatle har skrive gjennom åra. Musikalske gjester var songaren Sigrid Vetleseter Bøe akkompagnert på piano av Hedda Hansen Berg.
2011-08-20
Randi og Sverre

- ”Ord og tonar” på Kallastua i dag, laurdag 20. august kl.17.00

Bokslepp på Kallastua

”Ord og tonar” er ein programserie som kantoren i Surnadal og hjelparane hennar har arrangert på Kallastua to-tre gonger for året det siste tiåret. Hovudtemaet denne ettermiddagsøkta er presentasjon av diktboka ”Å vera her” av Randi Skrøvset Hatle og Sverre Hatle.
2011-08-20