Hans Hyldbakk _350x573

Hyldbakkveld

Surnadal Heimbygdlag arrangerer Hyldbakkveld i Svorkasalen på Surnadal Kulturhus torsdag 10. november kl.19.30. Svein Sæter har funne fram ungdomsromanen til Hans Hyldbakk, ”Brotne band”. No kjem han for første gong ut som bok på Blomsterhaug forlag. Svein kjem sjølv på kulturkvelden og kåserer. Boka blir å få kjøpt der.

Dessutan kjem ”Perikom”. Dei har mykje Hyldbakk-stoff på repertoaret, både eigne og Sommerro-melodiar – og vi får vera med på nokre av dei. Det blir enkel servering. Vi tek ikkje inngangspengar, og alle er velkomne. Vi stiller også ut bøker som Heimbygdlaget har gjeve ut, og loddar ut ein stor bunke med bøker. Les invitasjonen til kulturkvelden ved å klikke her.