Årsmøte i Surnadal Heimbygdlag
Surnadal Heimbygdlag har årsmøte på Vårsøg hotell torsdag 16. februar klokka 1900. 2011 har vore eit aktivt år for Surnadal Heimbygdlag og Sverre Hatle har laga årsmelding for laget. Sjå heile denne her:
Surnadal Heimbygdlag er medlem av Trollheimsporten med infpormasjonsside - bli medlem - alle her.
ÅRSMELDING FOR 2011
Styret:
Leiar: Trygve Roaldset
Nestleiar: Marit Lesund
Skrivar: Sverre Hatle
Kasserar: Arild Drøivoldsmo
Styremedlem: Turid Sættem Eggen.
Varamedlemmer: Eli Gulla, Astrid Mogstad Høivik
Andre tillitsverv:
Ansvarleg for boksal: Sverre Hatle
Revisorar: Kristen Halle, Styrkår Brørs
Valnemnd: Kjellaug Brørs, Ola Roaldset og Ola Halle.
Utsendingar til årsmøtet i Nordmøre Mållag i Kristiansund: Trygve Roaldset
Medlemstal: 45
Møte: Årsmøtet var på Vårsøg Hotell 21. feb. 2011, med 18 frammøtte, vanlege årsmøtesaker + drøfting av eit påtenkt Stangvikhistorie-prosjekt. Bordsete og kåseri om Bjarne Østbø av Styrkår Brørs.
Styret har hatt 4 møte og har arrangert 2 bokslepp. Møteboka har 28 saksnummer.
ARBEIDET I LAGET:
Vårsøghelga: Laget hadde ansvar for oppsetting og nedtaking av benker, salsbord og innslusingsgjerde, for billettsal, kontroll og samband på Kleivakvelden, og stod for sal av kaffe og bakels mm + pølser. Trygve hadde med seg ein dugnadsgjeng utanom laget og sette opp scena.
Vi selde ein del bøker, først under Kleivakvelden og seinare under Østbø-seminaret laurdag (der Svein Sæter var leiar, og Styrkår Brørs og Sverre Hatle hadde innslag).
Det vart selt bøker for over 8000 kr.
Måldiplomet for i fjor til Jon Atle Gulla (som ikkje vart utdelt i 2010) vart overrekt under konserten på Gulla Gård på Vårsøghelga i år.
Bokslepp Heimbygdlaget gav i år ut ei diktsamling av Randi og Sverre Hatle: Å vera her. Boka vart slept under eit arrangement i samarbeid med Ord og Tonar i Kallastua 20. august, og med konservatoriestudentane Sigrid Vetleseter Bøe og Hedda Hansen Berg som musikalske gjester. Over 60 frammmøtte.
Hyldbakkveld med presentasjon av romanen ”Brotne band”, som denne hausten er utgjeven av Blomsterhaug Forlag. På eit arrangement 10. nov. vart boka sleppt i Surnadal. Svein kåserte om Hyldbakks ambisjonar som romanforfattar i ungdommen. Gruppa ”Perikom” spela og song Hyldbakk-tekster og andre songar. Allsong, servering og ei lynutlodding av bøker frå lageret vårt. 40-50 frammøtte
Prosjektstøtte: – til jubileumsbok for Todalen kyrkje: 20.000 kr – til utgjeving av Hans Hyldbakk: Brotne band (Blomsterhaug): 10.000 kr.
Andre saker:
A. I samband med lanseringa av ”Å vera her” meldte laget seg som medlem på Trollheimsporten. Der ligg presentasjon av laget, omtale av arrangement og oversikt over bøker vi har til sals.
B. Heimbygdlaget har gjort avtale med sikte på å gje ut ei historiebok om Stangvik-samfunnet (initiativ frå avdøde Ola Brøske.) Gjennomføringa er avhengig av kva tid Bernt Bøe kan begynne arbeidet som forfattar av boka.
Boksal: Kjøpt inn 114 eks ”Smålåten”. Selt vidare til Surnadal sanitetsforening 60 stk og Todalen sanitetsforening 50 stk utan forteneste til utdeling åt familiar med nyfødde. Elles har vi selt 11 stk.
Frå Heimbygdlaget sitt boklager har vi selt (betalt innan 31.12):
72 stk Ord te gagns 30 stk Vårsøg (ny utgåve) (kjøparar får Lauvfall attpå handelen).
23 stk Ville blomstra.
78 stk Å vera her
5 stk Enno så segla ho Magnill.
+ nokre eks. av Østbø: Vindfall, og dei to diktsamlingane hans.
Sal av Du mitt Nordmøre 2011: Gjennom eigne medlemmer (114), elevar ved Øye skule (215), bokhandelen (74) og daglegvarebutikkar (35) har Heimbygdlaget selt 418 hefte (utanom 4 faste tingarar).
Sverre Hatle