damer i fell_1024x683_cropped_1018x584

Lær av Surnadal husflidslag!

Surnadal husflidslag er midt inne i ein ny, aktiv vinter. Samtidig med at produkta frå etterjulsvinterens skinnfellkurs kan visast fram, kjører laget no i gang med strikke- og heklekveldar på Nymoen. Laget samlar ein medlemsmasse som samla sitt inne med store kunnskapar om mange ulike handarbeidsteknikkar. Desse blir bruka både i kursverksemd og øvrige aktivitetar som laget arrangerer. Å lære av kvarandre er nemleg eit grunnprinsipp bak mykje av verksemda til Husflidslaget- som til dømes dei nemnte aktivitetane i vinter.

Fire av damene som har vore med på kurs med nokre av dei mange, flotte sluttprodukta. Alle foto: Norunn Holten

Surnadal hudflidslag rundar i desse dagar av det dei har kalla eit "skinnfellkurs utan lærar". Det vil seie at dei i laget som allereie meistrar skinnfellkunsten, har lært den bort til dei som ville lære. Kurset har gått over fem kveldar etter jula, og det er laga fellar både med åkle og trykk, men dei fleste har arbeidd med trykk. Det er blokktrykk det er tale om, og den kvelden Trollheimsporten besøkjer kursdeltakarane, ligg den eine flotte flotte fellen etter den andre som fryd for auget i arbeidslokala til Husflidslaget på Nymoen.

Blokktrykk er ikkje av dei eldste aktivitetane til Husflidslaget, men er ein teknikk som har fått auka populæritet dei siste åra. Ca 10 personar har vore med på kurset i vinter, og no sitt deltakarane igjen med vakre og handfaste bevis på vel gjennomført kurs.

Surnadal husflidslag er kjent for sitt høge aktivitetsnivå. Den eine aktiviteten er knapt avslutta før nye står for tur. Slik er det også no. Surnadal Husflidslag startar allereie i kveld, 5. mars, med strikke- og heklekveldar som i første omgang skal gå kvar tysdag fram til påske. Alle er velkomne anten dei allereie kan å strikke eller hekle eller ganske enkelt har lyst til å lære. Interesserte blir oppfordra om å ta med seg garn og mønster på det dei vil lage. Som sagt er det mykje god handarbeidsekspertise i laget, så dei som er nybegynnarar vil få den starthjelpa dei treng!

Klikk på bilda for å sjå dei større eller i serie!

skinnfellar_1024x683
Her er nokre av fellane som vart laga på kurset.
Torunn Nordvik_1024x683
Torunn Nordvik viser fram mønster laga med blokktrykk.
klossar_1024x683
Slik er klossane som blir bruka.
finpuss_1024x683
Litt finpuss med penselen i etterkant.
nærbilde_1024x683
Presisjonsarbeid- men så blir resultatet deretter...