Logo Surnadal heimbygdlag

God aktivitet i Surnadal heimbygdlag

Nyutgjevinga av Hyldbakk-boka «Ei haustferd på Nordmøre 1934» har vore det største prosjektet til Surnadal Heimbygdlag i 2019. Å gi ut boka på nytt, innebar nyinnskriving, biletredigering, trykking og nær kontakt med Nordmøre Museum og med kommunen. Og i etterkant har styret deltatt på heile 10 arrangement rundt om på Nordmøre med presentasjon og sal av boka, dei fleste stadene ved nestleiar Svein Sæter, og med musikkinnslag ved målprisvinnaren i 2019, Karstein Mauset. Laget har tent pengar på boka, men det svir samtidig i rekneskapen at Heimbygdlaget tapte 16450 kr på at Notabene-bokhandelen i Surnadal vart lagt ned i haust.

Årsmøtet i laget vart elles greitt gjennomført 26/2, og styret vart stort sett attvald, med Trygve Roaldset som leiar, og med Svein Sæter, Arild Drøivoldsmo, Eivind Hasle og Olav Bergheim elles i styret. Trygve Roaldset har vore leiar sidan 2008. Laget er vertskap for årsmøtet i Nordmøre Mållag 7.mars. Årsmøtet var elles opptatt av den nye mållova som regjeringa skal legge fram no i vår, og laget ønsker seg fleire medlemmar. For godt språk og verdifull kulturarv er det vel mange som er opptatt av?


Eivind Hasle (skrivar)