Picasa

«Fikk bare Lyset skinne for disse menneskene»

Falkbergets landskap var eit vinterlandskap, mørkt og kaldt, - heilt ulikt det solrike vinterlandskapet Ragnar Evenstad kjørte gjennom over Rindalsskogen på veg til Surnadal for å snakke om lyset i Johan Falkbergets dikting.

 

Sist onsdag var det Falkbergetkveld i Surnadal Kulturhus. Folkeakademiet i Surnadal og Heimbygdlaget hadde fått tak i folkehøgskulemannen Ragnar Evenstad, som i 2009 gav ut boka "Vendt mot lyset. Johan Falkberget i liv og dikting".


Mange ville høre om Johan Falkberget

 

Bergmannen arbeidde i mørke gruver og drømte om soldagen. Slik var diktinga til Johan Falkberget fylt av lengsel og håp om betre vilkår for arbeidarane, - om solidaritet. Han fekk aldri Nobels litteraturpris. Mange undrar seg over det. Kanskje var årsaka nettopp den haldninga han gav uttrykk for til klassesamfunnet på Røros. Han skreiv om kampen mot overmakta og verksmeistrane.

 

Johan Falkberget var glad i våren og sollyset. Sola fekk nytt liv til å gro. «Solen og lyset er en stor næring i mitt liv», sa han. I «Den fjerde Nattevakt» er presten Benjamin Sigismund berar av lyset, som er Guds ord og Guds rike. - fikk bare Lyset skinne for disse menneskene.

 

Falkberget var ein lysberar. Han var opptatt av å møte mennesket. Han skreiv om levande menneske og var sterkt opptatt av det samfunnet han levde i. Det førte til at han var innom både kommunestyret og Stortinget ein periode. Han var ein klar «kristen sosialist» og var så kompromisslaus at han nær på vart ekskludert frå Arbeidarpartiet. Han levde mesteparten av livet på Røros, men var også busett i Ålesund, Fredrikstad og Oslo som journalist og redaktør før han kom tilbake til Røros der han bygde heimen Ratvolden i Rugeldalen, Glåmos der han også var fødd.

 

I landet vårt har mange kjente personar fått sine «stader». Ragnar Evenstad har stilt seg i spissen for ein aksjon for at Johan Falkberget kan få seg ein minnestad på Røros. Mange skreiv seg på ei støtteliste for dette tiltaket.

 

Klikk på bilda nedafor og sjå dei større og som bildeserie!

.

1-IMGP9704
Det fyldige foredraget gjorde at det var godt å reise seg og ta ein vårsong.
1-IMGP9712
Tordenskjod Songlag deltok med song
1-IMGP9713
Elin Persson dirigerte og spela piano
1-IMGP9717