NMSGjenbruk melder:

Vaskedugnad i gjenbruksbutikken

NMSGjenbruk på Skei hadde vaskedugnad måndag 31. oktober. Folk jobba i to økter. Første pulje starta kl. 10, og så kom ei ny pulje kl 14. Så no er det reint og fint i hyllene før julevarene kjem fram

2016-10-31 14.43.24_690x1048.jpg
Nokre av dei som var med på andre økta på vaskedugnaden. Sitjande foran: Henne Brenden. Bak f.v. Brynhild Tjelle, Kirsti Skei og Gudrun Bele.
 

Det er jo ikkje berre vaskinga som skjer på dugnad i denne litt spesielle butikken. Her blir alt gjort på dugnad. Alle som jobbar i butikken gjer det gratis. I staden for å bruke pengane til løn går dei da til ulike prosjekt i fleire verdensdelar. Der kjem pengane fram via folk som kjenner dei lokale forholda i dei ulike kyrkjelydane.

Vi tek med glede imot ny medarbeidar i butikken. Kan med det same også gje ein takk til Trollheimsporten, og vi ser at det er ein viktig informasjonskanal. Vi hadde eit spesielt historisk bilete av keiser Wilhelm til sags. Det har hengt i butikken ei stund. På laurdag hadde vi ein artikkel om dette biletet på Trollheimsporten, og same dag vart biletet solgt.

Arne Drøpping