Surnadal Bondelag infoside

Bondelaget er ein partipolitisk nøytral organisasjon som arbeider for betre inntekts- og velferdsordningar for bønder innafor alle typar landbruksproduksjon. Lokalt har vi jamnleg møte med kommunen og arrangerer kvart år fleire fagmøte. Vi forhandlar med Svorka om straumprisavtale og samarbeider med næringsliv og andre organisasjonar for å auke forståinga for behovet for norsk matproduksjon og heve statusen til landbruket som næring.

 

Styret i Surnadal bondelag 2012. Alle foto: Norunn Holten

 

Surnadal bondelag er eit aktivt lag med heile 192 medlemmer. Dette er noko av det vi driv med:

Vi har arrangert Kløverstukveldar kvart år i over 30 år. Dette er fagmøte om ulike tema som spenner frå fôring av mjølkeku, årleg oppdatering om regnskapsføringsreglar, utnytting av husdyrgjødsel, likestilling og rekruttering og innspel til jordbruksforhandlingane. Vi arrangerer dette saman med fleire andre bedrifter og organisasjonar som stiller med eigne folk til å orientere om sine tema.

Vi arrangerer open gard ca 3. – 4. kvart år og rullerer med nabo-bondelaga om dette.

Vi arrangerer Landbrukskonferanse i samarbeid med kommunen, Surnadal Sparebank og Todalen Bondelag.

Kvart år har vi studiering om landbrukspolitikk og jordbruksforhandlingane.

Vi har møte med kommunen om bruk av landbruksfondet og disponering av andre midlar.

Vi har kvar vår ei markering der vi profilerer landbruket.

Sist vår organiserte vi protestmøte på Skei i anledning brotet i jordbruksforhandlingane. Da vart det halde appellar frå politikarar, og det vart køyrt traktorkolonne gjennom bygda. I etterkant av dette hadde vi eit møte med næringslivet der vi fikk synleggjort landbrukets betydning for anna næringsliv i kommunen. Det kom fram at eit stort antal bedrifter i eit bredt spekter har ein vesentleg del av si omsetning og sysselsetting knytt til landbruket.

 

Styret i organisasjonen/laget

Leiar: Oddvar Mikkelsen            
Nestleiar: Olav Mauset
Sekretær: Ole Kristian Sæterbø                 
Kasserar: Arne Heggset
Rekrutteringsansvarlig: Heidi Gjeldnes

 

Surnadal bondelag meiner:

For oss er det underleg at verdas viktigaste yrke, matproduksjon, skal ha såpass låg status og inntekt. I Norge er det skapt eit inntrykk av at maten er dyr, men nordmenn har aldri brukt mindre del av inntekta si på mat enn no, og matprisane er ikkje høgare samanlikna med andre land enn alle andre varer og tenester er. Kvifor er det da nesten berre forskjellen i matprisane det er fokusert på? Kvifor er det ikkje like stort fokus på at det kostar meir å klippe seg, bo på hotell, kjøpe klede og reparere bilen? Og kvifor er det berre i landbruket vi får kritikk for å få løn frå myndigheitene for å gjere ein jobb som samfunnet vil ha gjort? Samanlikna med mange andre næringar får faktisk landbruket relativt lite pengar frå det offentlege i høve til sysselsetting og reell verdiskaping. Få andre næringar har så store positive ringverknader for andre næringar og folk flest som landbruket har.

 

Nyheiter frå Surnadal bondelag

Klikk på bileta for å sjå dei større!

021_1024x683
Traktorkaravane gjennom Surnadal våren 2012.
møkkatilbud_1024x683
Bøndene i Surnadal la ikkje fingrane imellom da dei responderte på tilbodet i jordbruksoppggjøret våren 2012.