Surnadal Heimbygdlag

Surnadal Heimbygdlag vil arbeide for å halde ved like det verdifulle i bygdekulturen.

Laget vil auke kjennskapen til og vørdnaden for vår eigen kulturarv, så han kan bli ført vidare inn i framtidssamfunnet.
Med tanke på dette vil Surnadal Heimbygdlag

– drive studie- og opplysningsarbeid

– samle verdifulle folkeminne og føre arbeidet med lokalhistoria vidare

– ta vare på bygdemålet i ord og uttrykk gjennom innsamlingsarbeid og bruk

– berge stadnamna frå å gå i glømmeboka

– samle folkemusikk og gjera han tilgjengeleg både lokalt og nasjonalt

Talemålet er det viktigaste uttrykksmiddelet vårt. Vi talar tryggast og naturlegast når vi brukar dialekta vår. Det gjeld både heime, i skule og yrke og i offentleg liv. Når vi held dialekta vår i hevd, styrkjer vi sjølvkjensla og vørdnaden for heimbygda vår.

Nynorsk er den skriftlege samnemnaren for dei norske dialektene. Nynorsk høver godt som skriftmål for oss som bur i Surnadal. Å styrkje dialekta og styrkje stillinga til nynorsken er to sider av same sak. Difor er Surnadal Heimbygdlag tilslutta Noregs Mållag.

 

Sjå nytt frå Surnadal Heimbygdlag ved  å klikke her!

Årsmelding Surnadal Heimbygdlag 2017

Årsmelding Surnadal Heimbygdlag 2015 

Årsmelding Surnadal Heimbygdlag 2014 

Årsmelding Surnadal Heimbygdlag 2013
 

Kontaktpersonar i 2018:

Trygve Roaldset, leiar

Tlf. 900 63 534

trygveroaldset@gmail.com

Arild Drøivoldsmo, kasserar

Tlf. 413 75 889

arild.droivoldsmo@qmail.com

Eivind Hasle, sekretær

Tlf. 950 65 485

eivhasl@online.no

Olav Bergheim

 

 

Svein Sæter, nestleiar

Tlf. 478 47 017

sveins@svorka.net

(Sverre Hatle, bokansvarleg)

Tlf. 71 66 21 33

sverre.hatle@online.no

Logo SH_250x258

  

Sjå oversyn over  bøker frå Surnadal Heimbygdlag!  

 

På Kultursidene hos Surnadal kommune finn du dette om ordbok over surndalsmålet!

 

ÅRSMELDING FOR 2011

Styret:
Leiar: Trygve Roaldset
Nestleiar: Marit Lesund
Skrivar: Sverre Hatle
Kasserar: Arild Drøivoldsmo
Styremedlem: Turid Sættem Eggen.
Varamedlemmer: Eli Gulla, Astrid Mogstad Høivik

Andre tillitsverv:
Ansvarleg for boksal: Sverre Hatle
Revisorar: Kristen Halle, Styrkår Brørs
Valnemnd: Kjellaug Brørs, Ola Roaldset og Ola Halle.
Utsendingar til årsmøtet i Nordmøre Mållag i Kristiansund: Trygve Roaldset
Medlemstal: 45

Møte:
Årsmøtet var på Vårsøg Hotell 21. feb. 2011, med 18 frammøtte, vanlege årsmøtesaker + drøfting av eit påtenkt Stangvikhistorie-prosjekt. Bordsete og kåseri om Bjarne Østbø av Styrkår Brørs
Styret har hatt 4 møte og har arrangert 2 bokslepp. Møteboka har 28 saksnummer.


ARBEIDET I LAGET:
Vårsøghelga:
Laget hadde ansvar for oppsetting og nedtaking av benker, salsbord og innslusingsgjerde, for billettsal, kontroll og samband på Kleivakvelden, og stod for sal av kaffe og bakels mm + pølser. Trygve hadde med seg ein dugnadsgjeng utanom laget og sette opp scena. Vi selde ein del bøker, først under Kleivakvelden og seinare under Østbø-seminaret laurdag (der Svein Sæter var leiar, og Styrkår Brørs og Sverre Hatle hadde innslag). Det vart selt bøker for over 8000 kr.
Måldiplomet  for i fjor til Jon Atle Gulla (som ikkje vart utdelt i 2010) vart overrekt  under konserten på Gulla Gård på Vårsøghelga i år.

Bokslepp
Heimbygdlaget gav i år ut ei diktsamling av Randi og Sverre Hatle: Å vera her. Boka vart sleppt under eit arrangement i samarbeid med Ord og Tonar i Kallastua 20. august, og med konservatoriestudentane Sigrid Vetleseter Bøe og Hedda Hansen Berg som musikalske gjester. Over 60 frammmøtte.

Hyldbakkveld med presentasjon av romanen ”Brotne band”, som denne hausten er utgjeven av Blomsterhaug Forlag. På eit arrangement 10. nov. vart boka sleppt i Surnadal. Svein kåserte om Hyldbakks ambisjonar som romanforfattar i ungdommen. Gruppa ”Perikom” spela og song Hyldbakk-tekster og andre songar. Allsong, servering og ei lynutlodding av bøker frå lageret vårt. 40-50 frammøtte.

Prosjektstøtte:
– til jubileumsbok for Todalen kyrkje: 20.000 kr
– til utgjeving av Hans Hyldbakk: Brotne band (Blomsterhaug): 10.000 kr

Andre saker:
A. I samband med lanseringa av ”Å vera her” meldte laget seg som medlem på Trollheimsporten. Der ligg presentasjon av laget, omtale av arrangement og oversikt over bøker vi har til sals.
B. Heimbygdlaget har gjort avtale med sikte på å gje ut ei historiebok om Stangvik-samfunnet (initiativ frå avdøde Ola Brøske.) Gjennomføringa er avhengig av kva tid Bernt Bøe kan begynne arbeidet som forfattar av boka.

Boksal:
Kjøpt inn 114 eks ”Smålåten”. Selt vidare til Surnadal sanitetsforening 60 stk og Todalen sanitetsforening 50 stk utan forteneste til utdeling åt familiar med nyfødde. Elles har vi selt 11 stk.

Frå Heimbygdlaget sitt boklager har vi selt (betalt innan 31.12): 
72 stk Ord te gagns
30 stk Vårsøg (ny utgåve) (kjøparar får Lauvfall attpå handelen)
23 stk Ville blomstra
78 stk Å vera her
 5 stk Enno så segla ho Magnill
+ nokre eks. av Østbø: Vindfall, og dei to diktsamlingane hans

Sal av Du mitt Nordmøre 2011:
Gjennom eigne medlemmer (114), elevar ved Øye skule (215), bokhandelen (74) og daglegvarebutikkar (35) har Heimbygdlaget selt 418 hefte (utanom 4 faste tingarar)