Surnadal Hornmusikk

Surnadal Hornmusikk har heldt det gåande heilt sidan 1896, og er framleis eit høgst aktivt korps med jamlege opptredenar og øving kvar torsdag i Toneheim. Hornmusikken består av rundt 30 aktive musikarar under leiing av dirigent Einar Sødergren.

Surnadal Hornmusikk er eit amatør- og seniorkops med janitsjarbesetning, med eit repertoar som inneheld alt frå lett underhaldningsmusikk til marsjar.

Alle interesserte er velkomne til å bli med i hornmusikken!

Sesongen startar i august. Fellesøvingane foregår i hornmusikken sitt eige hus, Toneheim på Sæter ved Surnadalsøra, kvar torsdag frå klokka 19.30 til cirka 21.45 - inkludert kaffepause.

Korpset vart grunnlagt i 1896 under namnet Svein Øyes hornmusikk, og i 1900 vart namnet Surendals Hornmusikkforening. Opp gjennom åra har hornmusikken vore fast innslag under både 17.mai og andre store og små arrangement i kommunen. Korpset har arrangert stemne, hatt fleire turar til utlandet, delteke på musikaloppsetningar og i det heile tatt sett sitt preg på det surnadalske kulturlivet.

Bilda under viser Surnadal Hornmusikk i høvesvis 1954 og 1976. Klikk på fotografia for større versjonar.

Surnadal Hornmusikk anno 1954:  1. rekkje f.v. Jon Sjøsæter, John F. Kvendbø, Sivert Øverland, dirigent Lars Sæter, Erik Brøske, Kjell Hagen. 2. rekkje f.v. Per Sæter, J.O. Schei, Rolf Dyrnes, Fredrik Sjøflot, John Helgetun. 3. rekkje f.v. John I. Sæter, Olav Warvik, Ola Dalsegg, Svein Helgetun,  John L. Sæter, Anders Kvande, Sverre Warvik, Olav Nordvik. 4. rekkje f.v. Asbj. Årnes, Leif Sæther, Martin Polden, Idar Ersvik, Erling Faksnes, Johan Ansnes.

Surnadal Hornmusikk anno 1976: 1. rekkje f.v. Olav Nilssen, Odd M. Møkkelgjerd, Per Sæter, Ellen Torbergsen, dirigent Trond Larsen, Jon Melhus, Rolf Dyrnes, Fredrik Sjøflot, Sigurd M. Sjøflot. 2. rekkje f.v. Ivar Jostein Sæter, Sivert Øverland, Jon Sjøsæter, Eivind Warvik, Per Øiehaug, John Olaf Vaseng, Kjell Gunnar Polden, Torstein Ørsal, Bergsvein Brøske. 3. rekkje f.v. Svein A. Østgård, Bjørn Brekke, Astrid Mogstad, Agnes Jorun Dalsegg, Marit Nordvik, Anders Garte, Sigurd Glærum Mogstad, Stig Sæter. Bak f.v. Sigfred Gravvold, Jon Mogstad, Ola J. Skei.

 

hornmusikk 001_1024x814
hornmusikk 002_1024x717