Trolske tre i Trollheimen
Randi Haugland og Morten Gåsvand trollbatt forsamlinga på Kulturhuset i Surnadal 7/4 med bilde av trolske tre i Trollheimen på møte i Senioruniversitetet for Indre Nordmøre. Lars Inge Harang, som hadde vore ein viktig medhjelpar i furutreprosjektet, supplerte med å fortelje om klatringa og oppmålinga av dei største trea.
Etter møtet blir nok fjellturen annleis for mange av oss: her var tre i alderen 500 til 800 år, urskog og naturskog, i alle slags former, fasongar og størrelsar. Og naturen har gjort mange merkelege krumspring, alt etter vokstervilkår og ver og vind – og til og med fugleliv. Har du kunnskapen med deg, ser du korleis naturkreftene har skapt eit enormt mangfold av former, og har du i tillegg fantasi nok, ser du både tussar og troll og merkelege dyr og skulpturar.
Det var ei inspirerande økt, både med tanke på nye fjellturar, og for å studere den flotte 3 kgs boka, med 333 sider av ”Furukjempene i Trollheimen.”
Tekst: Eivind Hasle.
Foto: Helene Marie Nergård
Toppbilde: Fra venstre Morten Gåsvand, Randi Haugland og Lars Inge Harang.
Nedafor ser du eit par bilde frå boka.
Fra Vindøldalen.
Urskog i Folldalen.
Morten viste bilder og fortalte. Randi leste fra boka.