Styret 2012_1024x683

Surnadal Bondelag nytt medlem i Trollheimsporten!

Surnadal bondelag er blitt medlem i Trollheimsporten med infoside! Lokallaget i Surnadal er både aktivt og rikt på medlemmer. Det er mellom anna kjend i lokalmiljøet for dei stadig like populære «Kløverstumøta» sine- som dei no har halde på med i over 30 år! Sist vår organiserte laget protestmøte på Skei i anledning brotet i jordbruksforhandlingane. Da vart det halde appellar frå politikarar, og det vart køyrt traktorkolonne gjennom bygda. I framtida vil du kunne finne nyheiter om Bondelaget på infosida deira på Trollheimsporten.

Styret i Surnadal Bondelag på stand ved Domussenteret på Skei tidlegare i år. Foto: Norunn Holten

Bondelaget er ein partipolitisk nøytral organisasjon som arbeider for betre inntekts- og velferdsordningar for bønder innafor alle typar landbruksproduksjon, og det er derfor også desse tema som står i sentrum for Surnadal Bondelag. Akkurat no er laget midt inne i årets sesong med Kløverstumøte og har større frammøte enn på mange år.

Dei har også planlagt felles julebord med andre Bondelag i regionen 14. desember. Les meir om julebordet her, og skund deg. Du må nemleg melde deg på innan fredag! Etter nyttår blir det mellom anna studiering. Les meir om laget og andre aktivitetar dei skal ha for seg i året som kjem ved å gå inn på den nye infosida!