68_715x477

Stavgangur til Solåsen.

Tur til Solåsen

 

 

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest torsdag 22. august ved bomstasjonen for Vestre Nordmarksvegen og køyrde samla til Solåsvatnet.

Frå parkeringsplassen nede ved vatnet følgjer vi den blåmerka stien som fører til Vaulen.

 

Etter eit kvarters gange kjem vi til Gardsbekken, som buktar seg nedover og har grave seg djupare og djupare ned til han endar i eit trongt jel. Dårdi Sylte sto i spissen for å få bygd ei bru over Gardsbekken i 1993, slik at vi i dag utan vanskar kan koma oss over på andre sida.

 

Etter ein fin trimtur får vi til høgre for stien sjå ei klynge med store grantre, og her ligg Solåssetra. Det er ei fin, nyrestaurert og velhalden hytte med fin utsikt over Solåsvatnet og til fjelltoppane i Trollheimen, og med ein sjarmerande og original utgard av hesjestaur.

 

Takk til Dårdi Sylte for framifrå guiding, Erik Øien som ordna med båttransport og Svein Sylte som stilte hytta til disposisjon. Til saman gav dette oss ein minnerik, flott dag!

 

 

 

Tur til Solåsen.

60_715x447.jpg

 

Tett inntil vegen ligg Orrenlitjønna med fullt av vassliljer, som duvar i vasskorpa,

 

62_715x477.jpg
 

Erik Øien og Martinus Torvik legg ut frå flytebryggja ved Solåsvatnet
 

63_715x475.jpg
 

 Vi startar frå Solåsvatnet med Dårdi Sylte som turleiar.

 

67_715x1075.jpg

Etter eit kvarters tid kjem vi til Gardsbekken, som buktar seg nedover og har grave seg djupare og djupare ned  til han endar i eit trongt jel. Dårdi Sylte sto i spissen for å få bygd ei bru over Gardsbekken i 1993, slik at vi i dag utan vanskar kan koma oss over på andre sida.

68_715x477.jpg

 

 På tur over Gardsbekken Bru.

 

73_715x475.jpg

 

 Utsikt frå Solåsen. Legg merke til den fine utgarden av hesjestaur!

74  Magnhild Dyrnes_715x1071.jpg

 

 Magnhild Dyrnes har plukka seg ein fin bukett av røsslyng

75 Vaulen_715x468.jpg

 

 Dersom vi ikkje hadde svinga ned til granfeltet, men fortset langs den blåmerkta stien, hadde vi kome til Vaulen


76 Vaulen_715x475.jpg

 

 Utsikt frå Vaulen mot Solåsvatnet

77 Vaulen_715x475.jpg

 

Vest for husa på Vaulen står denne statua av James Lawrence Chaworth Musters, som i 1930 fekk skjøte på eigedomen av mor si. Sjølv dreiv Musters mykje med å samla alle slags dyr, som han stoppa ut og fekk sendt til musèa i England. I dag er det Surnadal kommune som eig Vaulen

 

Laurdag den 31. august arrangerer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag tur til Gjevilvasshytta. Middag på Gjevilvasshytta med retur over Nerskogen. Kaffepause under vegs. Stavganggruppa stiller med brød til kaffien, medan kvar enkelt tek med drikke. Pris for heile turen 350 kr.

Grunna ruteendring på "Todalsferga" må bussavgangen frå Skei endrast til klokka 09.00.

Enda nokre ledige plassar. Ring 71 66 35 98 eller 917 78 285 for påmelding.

 

Tekst og foto: Vidar Sogge

 

 

 

 

 

!