Stavgangtur til Svorka
Trollheimsporten har fått tilsendt flotte bilder og turrapport fra da Surnadal Pensjonistlags Stavganggruppe møttes i Bæverdalen. Her kan du også lese om neste ukes tur.
Tekst: Vidar Sogge. Foto: Randi og Vidar Sogge.
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest torsdag 4. september i Svorka i Bæverdalen. Lars Magnar Bævre fortalde om Svorka, og kven kunne passa betre til dette enn nettopp han? Foreldra hans kjøpte nemleg Austistua to år etter at Lars Magnar var konfirmert, og han var sjølv eigar av garden frå 1971 til 2009.
Han fortalde at før det vart veg over Nordmarka, gjekk mykje av trafikken mellom Valsøybotn og Surnadal gjennom Holtaskaret, forbi Svorka og over Nordmarka. Nemnast kan òg at Svorka den tid sokna til Øye kyrkje, ein temmeleg lang kyrkjeveg!
Det vart òg tid til å friska opp nokre ”Svorkaskrøner”.
Etterpå starta turen til Bjorvollen, som er ein av Stikk UT-turane i år. Matpausen tok vi ute i det fine vêret da vi kom attende til Svorka.
Mange takk til noverande eigar av Svorka-gardane, som let oss ha parkering og base her oppe, og til Lars Magnar Bævre for ei interessant orientering om Svorka.
Neste veke møtest vi ved parkeringsplassen til Todalshytta. Marsjen går langs elva, over "Phillips-brua” og til Ramsøya. Matpausen ved Todalshytta. Alle er velkomne til å bli med. Fottøy: joggesko. Ta gjerne med stol.
Lars Magnar Bævre står framom Austistua og fortel om Svorka, og kven kan ha større kunnskapar om desse gardane enn nettopp han? Foreldra hans kjøpte nemleg Austistua to år etter at Lars Magnar var konfirmert, og han var sjølv eigar av garden frå 1971 til 2009.
På tur til Bjorvollen.
På tur til Bjorvollen.
Tytebærene freistar i vegkanten –
– ikkje rart så store og raude som dei er her!
Framme på Bjorvollen har krøtera alt observert oss –
– og er nysgjerrige på kva Odd Enge og Åse Meringdal har å by på.
Harry og Edna Skrøvset sit og ventar på at resten av følgjet skal koma attende til Svorka. I bakgrunnen ser vi Utistua, der mange på Kvenna har røtene sine. Ola, f. 1876, busette seg nemleg på Kvenna, og han var far til Jon (postopnar), Johan (landpostbud) og Edvard (bakar).
Matpause framom Austistua.
Gunnulv Gujord skjenkjer kaffe.