Tre vegar i kvart sitt hundreår, det er vegane inn til Todalen.

Stavgangtur til Svinvika

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest i Svinvika den 13. mai for å markera Verdens aktivitetsdag.

1_690x459.jpg
I  Svinviks arboret fortel Johs. Vaag om stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag frå starten i 2008 og fram til i dag, og kjem med mange lovord om arbeidet denne gruppa gjer. Han talar varmt om verdien av fysisk aktivitet og styrketrening.


Johs. Vaag, som denne dagen vikarierte for Martinus Torvik, ønskte alle velkomne og fortalde om aktiviteten i Stavganggruppa.

Han fortalde at Stavganggruppa vart etablert hausten 2008 og har sidan vore i aktivitet kvar torsdag om våren og ettersommaren/hausten. Dei marsjerer i om lag to timar og avsluttar med niste og kafferast.

Vaag kom også inn på verdien av fysisk aktivitet og styrketrening, og roste aktiviteten til Stavganggruppa.

2_690x1038.jpg
Varaordførar Lilly Gunn Nyheim legg òg vekt på verdien av fysisk aktivitet, og minner oss på om turopplegget ”Stikk UT”, som også Surnadal kommune har slutta seg til. Her i kommunen har vi 7 slike turar, og ein av dei startar nettopp her i Svinvika, går opp Gammelvegen og returnerer etter vegen nede ved fjorden. Han er 4,6 km lang.


Etterpå fekk varaordførar Lilly Gunn Nyheim ordet der ho ma. minte oss på om turopplegget ”Stikk UT”, som også Surnadal kommune har slutta seg til. Her i kommunen har vi 7 slike turar.

3_690x459.jpg
Maja Frønes fortel om Svinviks arboret.

Til slutt fortalde Maja Frønes om Svinviks arboret, og Sven Olav Svinvik om turen vi skulle gå.

4_690x459.jpg
Ein del av styret i Eldrerådet i fylket på veg opp frå arboretet.


Styret i eldrerådet i fylket var også til stades i Svinvika denne dagen.

5_690x1038.jpg
Johs. Vaag ved starten på rundløypa for ”StikkUT”-turen i Svinvika.

7_690x459.jpg
Gruppa på veg opp Gammelvegen. Når vi ser dette blir vi imponerte over sjøførar som køyrde her, og vi skjønar at bussar og lastebilar med svake motorar (personbilar fanst mest ikkje) hadde store vanskar med å koma seg opp dei krappe og bratte svingane, og mannlege passasjerar vart rett som det var kommandert ut for skuva på bussen.
Mange plassar ser vi høge murar på nedsida av vegen.

8_690x1038.jpg
Turleiar/guide Sven Olav Svinvik ved ein av rodepålane vi trefte på langs vegen. På denne pålen står det Åsprong. Dette fordi gardbrukarane i kommunen måtte betala ein ”vegskatt” i form av rodeplikt. Gardar som låg langt unna, leidde folk i Svinvika til å gjera dette arbeidet mot betaling.

9_690x459.jpg
Lilly Gunn Nyheim og Jorunn Ness kjenner på ein skjeldan sort brennhøttu (brennesle) som veks langs vegen, og som ikkje brenn!

10_690x460.jpg
Vi tek ein pause ved ”StikkUT”-posten. Olav Øye skriv seg inn i boka medan Gunnvor Sæter og Odd Enge ventar på tur.


Dei fleste vart med turleiar Sven Olav Svinvik opp langs Gammelvegen, men nokre tok heller ein runde nede i arboretet.

11_690x1038.jpg
Medan mesteparten tok ein tur etter Gammelvegen, tok andre ein rundtur i arboretet.

12_690x459.jpg
Rododendron i full blomst.

13_690x1038.jpg
Olav Øye og Mary Dalsegg forsyner seg med graut og bakels. Sven Olav Svinvik i bakgrunnen.

14_690x459.jpg
Dei fleste tek matpausen ute, men Gullborg Kvande (skjult), Ellen Østbø, Brit Johnsen og Ellen Monstad har funne seg plass inne i stova. for det er kald vind ute i dag.

15_690x459.jpg
Inne i stova finn vi òg dette firkløveret: Olina Halle, Brit Nordvik, Jorunn Ness og Lilly Gunn Nyheim.


Vi avslutta dagen med graut og bakels. Takk for ein fin dag!
 

På grunn av kongebesøket blir turen neste veke flytta til Skisenteret på Nordmarka. Fotty: fjellsko eller støvlar.
 

Vel møtt!

 

16_690x1285.jpg

Tre vegar i kvart sitt hundreår, det er vegane inn til Todalen. Her ser vi frå arbeidet med Gammelvegen. Todalen var på 1800-talet ei innestengd bygd inst inne i botnen på ein fjord, og båt om sommaren og hesteskyss på sjøisen om vinteren var einaste transportårene inn til bygda. Men todalingane har idéar og tiltakslyst, og i 1897 kunne Gammelvegen over Gjeldneskammen saman med Strandavegen takast i bruk. Denne idylliske, svingete Gammelvegen smyg seg opp forbi bratte berghamrar og når langt opp mot Gjeldnes før han svingar ned mot fjorden att.

17_690x459.jpg
På 1900-talet innsåg bygdafolket at dei greidde seg ikkje lenger med Gammelvegen, så i 1939/1940 vart det sprengd ein ny veg gjennom hamrane nede langs fjordkanten. Til slikt sprengningsarbeid hadde dei inntil no brukt bor og slegge, men no tok dei i bruk kompressor til boringa. Dette var så revolusjonerande at det kom folk langvegs frå for å sjå – og kanskje læra. Her ser vi utsikt frå Kammen ned mot Gammelvegen.

18_690x459.jpg
Etter denne vegen køyrde store vogntog inn til Talgø-fabrikken heilt til 2001. Vi skjønar godt at det måtte bli mykje rygging!

19_690x459.jpg
Trafikken inn til Todalen voks for kvart år, og særleg dei store vogntoga som frakta Talgø-møblar ut av bygda kravde ein annan vegstandard.  I 2001 vart derfor nyvegen gjennom Svinviktunnelen bygd, og dermed unngår vi den smale, svingete vegen som buktar seg fram nede ved stranda. Her ser vi nytunnelen frå Svinviksida.

20_690x1038.jpg
Slik ser nyvegen innover mot Todalen ut når vi går ”StikkUT”-turen.

 

Tekst og foto: Vidar Sogge