Stavgangtur til Svinvika.
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest i Svinvika den 23. mai for å markera Verdens aktivitetsdag. Denne dagen møtte også ordførar Mons Otnes, folkehelsekoordinator Annett Ranes og kulturleiar Lilli Husby. Mons Otnes hadde mange godord, og i tillegg blomster og pengar til Stavganggruppa.
Annett Ranes og Lilli Husby (bildet) peika på kor viktig det er med fysisk aktivitet, særleg i vår aldersgruppe.
Etterpå kunne alle fritt velja ruta for dagen, og dei fleste følgde turleiar Narve Talgø opp Gammelvegen mot Gjeldnes.
Vi avslutta dagen med kaffe og kake nede i Gjengsto.
Tekst og foto: Randi og Vidar Sogge.
Klikk på bilda nedafor og sjå dei større og som bildeserie, men les bildetekstene først!
Ordførar Mons Otnes hadde mange rosande ord, og avslutta med å gje blomster og ei pengegåve til Stavganggruppa.
Narve Talgø står ved ein av rodepålane han har laga, ein nøyaktig kopi av den rotne originalen som hadde stått her før. Gardane hadde vedlikehaldsplikt på vegen, og rodepålane markerte grensa for dette. Gardar langt unna, gjerne på andre sida av fjorden, var med og delte på dette arbeidet
Walter og Cristina Swensen frampå ein av utsiktsplassane tett ved Gammelvegen. Cristina hadde teke turen heilt frå Australia og vart med på turen langs Gammelvegen.
Narve Talgø fortel om Hallvard Svinvik, mannen som saman med kona Ane, bygde opp arboretet i Svinvika
Til slutt vart det tid til ein runde for å sjå på ein del av dei vakre og sjeldne plantene, særleg rododendron, som vi finn i Svinvika