Stavgangtur til Kvenndalen
Torsdag den 13. juni møttest vi ved gapahuken Kvennbu i Kvenndalen. Derifrå la dei fleste til innover dalen og svinga av i retning Skardfjellet, medan 6 stykke valde å kryssa Kvenndøla og sjå på setrene på sør-vest-sida av elva. Reportasjen nedafor er frå desse 6. Etter turen samlast alle som vanleg, denne gongen ved gapahuken Kvennbu. Takk for ein triveleg tur! Neste torsdag (20. juni) køyrer vi til Kårvatn, og vi går derifrå til Myrvang og Nauståfossen.
Gustav Kvendbø viser Randi Sogge og Magnhild Dyrnes den solide brua han har bygd over Holbekken.
Praktisk persontransport over stor elv.
Vi er samla rundt det solide steinbordet på Litjsetra. Foto: Olaug Bergem Aspill.
Gustav og Magnhild studerer heksa som er innestengt i bjørka.
Resultatet etter Dagmars si herjing på Litj-Kvennbøsetra.
Magnhild fortel noverande eigar av Litj-Kvennbøsetra, Gustav Kvendbø, om da ho som 14-åring var gjetar her. Ho fortel at ho treivst så godt at ho vart gjetar her året etter òg. Som 15-åring måtte ho ned i bygda på konfirmasjonsførebuing, og om kvelden ville ho ned att på handballtrening. Men først måtte ho opp på Tæla og henta krøttera (alltid berrføtt) før ho kunne springe ned i Myra for å låne sykkel. Så sykla ho til og frå trening i Surnadal, - før ho seint på kvelden tok føtene fatt opp til setra. Da hadde ho vore borte i 6 timar.
Oddbjørg og Sverre Einmo balanserer på glatte steinar over Gardsbekken.
På veg ned den fine bjørkeallèen frå hytta som Lars Kvendbø bygde rundt 1920.
Magnhild på veg over hengebrua nedafor Garden. Brua vart bygd i 1951.
Mesteparten av dei 33 stavgangarane samla ved gapahuken Kvennbu.
Foto: Dei fleste bilda Vidar Sogge.