Stavgangtur til Haltbakken
Torsdag 24. april starta stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag vårsesongen med ein tur til Haltbakken, som ligg idyllisk til nede ved fjorden straks utafor Nordvik. Alle 34 deltakarane fekk ein flott tur i det fine vêret.
På tilbaketuren frå Haltbakken tok vi ein kaffepause i det flotte grillhuset som Magnar Gjeldnes hadde bygd, før vi fortsette til Åsbøhagen og Rabblèet på Nordvik.
På tur etter den idylliske vegen til Haltbakken. Fremst går tre todalingar; Randi, Olina og Berit.
I kø for å skriva namnet i trimboka i Haltbakken.
Mange nyttar høvet til å ta eit bilde av Sula, Skjerdingsfjellet og Snøfjellet.
Utsikt frå Haltbakken til Sula og Nordvikstranda.
Vi hadde fått lov til å ta matpausen vår i det fine grillhuset til Magnar Gjeldnes.
Frå matpausen i grillhuset. Frå venstre ser vi Gunnulv og Jorunn Gujord, Aud Gjeldnes, Åse og Per Emil Meringdal, Elias Nygård, Olav Øye, Olina Halle, Ingrid Todalshaug Ørsahl, Liv Heggset (delvis skjult), Ellen-Marie Monstad, Helene Røv og Randi Sogge.
Ved grillhuset.
Framom naustet. I fremste rekkje Bjørg Heggset, Mary Dalsegg, Mali Sæther, Brit Nordvik og Odd Enge.
På tur heim att passerer vi Sjøtrøa.
Før vi går vidare til Åsbøhagen og Rabblèet, snur vi oss og ser attende mot Haltbakken og Rykkjem. Frå venstre: Bjørg Heggset, Liv Heggset, Mary Dalsegg, Brit Nordvik, Lisbet Ranes og Mali Sæther.
Neste tur, fredag 2. mai, køyrer vi til Stangvik, og vi parkerer ved fjøset til Inga og Bergsvein Brøske. Start kl. 13.00 som vanleg.
Tekst og foto: Vidar Sogge