10_715x477

Stavgangtur til Ansnesgarden og Vorpneset i Todalen.

 

 

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag starta sesongen torsdag 25. april. Første marsjen var lagt til Ansnesgarden og Vorpneset i Todalen.

Vi parkerte bilane ved Ansnessaga, som ligg eit par km utafor Todalsøra. Herifrå kunne vi sjå Holmen, truleg eldste husmannsplassen i Todalen.

Marsjen gjekk så gjennom gardsplassen i Ansneset og til Vorpneset, før vi følgde stranda attende til Ansneset. Her hadde Per og Bjørg Bruset med god hjelp av Nils Gjeldnes fått ein stor glohaug i bålpanna og spanderte pølser på alle deltakarane. Saman med Reidar Østvik si glimrande forteljing om stadene som vi hadde vore innom, hadde dette vore ein kjempeflott og minnerik dag for dei 30 deltakarane. Takk for turen!

 

 

Tett ved Ansnessaga ligg Holmen, truleg eldste husmannsplassen i Todalen. På denne vesle plassen hadde dei både kyr, sauer og geiter. Ola, siste mannen som budde på Holmen, gjekk gjennom isen og drukna da han skulle på land etter vatn.

På turen utover passerer vi gardstunet på Ansnesgarden. Reidar Østvik er kjentmann og viser veg.

Det var gilde nåvsteinar på sommarfjøset i Ansnessa.

Reidar fortel om da Ansnesbjørnen braut seg inn i sommarfjøset i Ansessa. Han byksa opp på taket og slo hol. Så kraup han ned i fjøset og drap og skamslo 30 sauer og eit par kalvar.

Da bjørnen kom att neste haust, vart han skoten.

Her er vi på ytste Vorpneset. I den store vika sør-vest for neset hadde dei truleg den beste plassen for notkast under vårsildfisket. 2 store notbruk, Stornotbruket og Krypnotbruket, dreiv etter silda her.

Ottar Halle fortel om da han var med på hjortjakt i den bratte Rambjøra.

På tilbaketuren følgjer vi stien langs stranda.

Høgt oppe i lia på andre sida av fjorden ligg Gjeldnesgardane.

Martinus Torvik konstaterer at grillsjef Per Bruset gjer ein framifrå jobb.

Medan vi kosar oss med grilla pølser, fortel Reidar historia til Ansnesgarden. Mellom anna fortel han om Arn Pederson (1700-1800-talet), som var ein særs allsidig og flink arbeidskar. I tillegg til å dyrka jord dreiv han med både farty- og båtbygging. I samband med fartybygginga dreiv Arn ei stor smie.

To av borneborna til Arn slo seg ned som ljåsmedar på Enge i Valsøyfjorden, og er mennene bak dei berømte Enge-ljåane.

 

Neste torsdag kl. 13.00 møtest vi ved ”Bonhuset” i Stangvik. Derifrå køyrer vi samla til Grantrøinn (Bøkeskogen) der marsjen startar.