Stavgangtur med start frå Folkets Hus på Bøvra.
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest den 16. mai ved Folkets Hus. Etter at Martinus Torvik hadde ønskt deltakarane velkomne, overlet han roret til turleiar Olav Øye. Han sa at vi skulle gå opp til Hamaren og Aunet, og på turen fortalde han kvar folk budde og kva stadene heitte. Trass i sein vår hadde maisola teke godt oppi bakkane her, så både gras og blomar kika så smått opp av jorda, og langs vegen kunne vi sjå både geiter og sauer i beitene. Stor takk til turleiar Olav Øye.
Før start frå Folkets Hus fortel turleiaren vår i dag, Olav Øye, om turen vi skal gå.
Vi har mange stoppar der Olav fortel om stadene vi etter kvart passerer.
Geitene på Hamaren lit ikkje heilt på det store følgjet som kjem oppover, og dei tykkjer det er tryggast å trekkja opp mot utgarden.
Sauene på Aunet er også alt utslepte, men dei tek besøket vårt meir med ro.
Her er alle samla etter at vi har snudd og skal til å gå ned frå Aunet. Nordviksulene i bakgrunnen.
På veg ned.
I skogkanten ved heimen til Inger og Olav har blomstrane alt sprunge ut.
Vi avsluttar turen vår med å eta nista vår ved Folkets Hus.