
Stavganggruppa på tur til Mausetsetrene
Torsdag 5. september var stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag på tur til Mausetsetrene. Bilete frå turen:

Stavganggruppa legg ut på tur frå parkeringsplassen på Rabbå. Fremst går turleiar Grete Mauset, og målet i dag er Mausetsetrene

Turfølgjet har kome fram til seterskjelet på Austistusetra

Gunnvor Sæter viser smilande fram eit trastreir som ho fann ved den gamle høyløa

Medan Grete sit på steinkloppa til Austistusetra og les og fortel om Mausetsetrene -

– har resten funne seg sitteplass inntil fjøsveggen på Utistusetra

På nedturen støyter vi fleire gonger på den blåmerkte Kløyvvegen som går rett opp, medan vi følgjer setervegen som krokar seg slakt nedover lia

Eit stykke lenger nede i lia kjem vi til den nybygde skogsvegen, som går ned gjennom Øykjedalen mot grusverket ved Bankaren

Ingrid Lysberg takkar Grete for ein flott tur
Tekst og foto: Vidar Sogge

.png)

