Stavgang Søyset – Mulneset
Stavganggruppa til Surnadal Pensjonistlag har vore ute på tur att! Kameraet har vor med og har vorte brukt. Turreferat er skrive og sendt til Trollheimsporten slik at du også får del i turen! Del opplevingane dine på Trollheimsporten du også, ta bilde og skriv nokre ord til redaktor@trollheimsporten.no
Stavgang Søyset – Mulneset.
Vi passerer Søysetgarden. Søyset vart lagt ut til embetsgard i 1814. Garden hadde mykje skog, så derfor kunne dei reisa denne staselege gardsbygninga. Rundt 1860 åtte Søyset også Follerø sagbruk. Da er det sagt at dei kvar vinter brukte 6 hestar til å køyra ut tømmer frå garden.
Vi parkerte bilane ved det flotte klubbhuset til IL Søya og gjekk opp til Søyset, som tidleg på 1800-talet hadde vore embetsgard til futen. I dag har Lene Søyseth ansvaret for 12 hobby- og tråvhestar. Den mest kjende av dei er 4-åringen Kaiser.
Kristin Andreassen med Bjørnen, ”hobbyhesten” hennar.
Lene Søyseth i full trening med hesten Kaiser. I fjor, da Kaiser var treåring, køyrde ho han sjølv, - og vann som ho ville, så suverene var dei!
I år er konkurransen hardare, og no hyrer Lene ein profesjonell kusk til å køyra hingsten. På Leangen har han i år oppnådd 2.plass, og for 14 dagar sidan vart det 4.plass på Biri.
For ein og ein halv månad sidan vann han kvalifiseringa i Sleipner Cup i Østersund, og komande fredag blir det finale i Romme i Sverige. Førsteplass her vil gje Lene og Kaiser 175 000 svenske kroner i premie.
Langs vegen opp frå Søyset minte nokre hol innover fjellet om førsøket på gruvedrift, som eit engelsk firma gjorde tidleg på 1900-talet.
Nokre meter lenger opp undersøkjer Margrete Rø og Jorunn Bævre to andre forsøk på å finna malm.
Etter kvart går skogsbilvegen over til traktorveg, før vi dei siste metrane fram til Mulneset følgjer ein idyllisk sti.
Fin utsikt utover Stangvikfjorden.
Bilferja legg ut frå land på ny tur til Rykkjem.
Idéen om ei bru frå Mulneset til Rykkjemsida, som ei løysing på ferjefritt samband mellom Surnadal og Sunndal, har enkelte gonger dukka opp i media. Men i dag kunne vi framleis sjå ferja som gjekk i skytteltrafikk mellom Kvanne og Rykkjem.
Alle 27 deltakarane avslutta turen med kaffe og nistepakke ved klubbhuset til IL Søya.
Neste veke møtest vi på Mogstad og går opp til Leikaren. Der blir vi ønskt velkomne av Ellen og Gunnar.
Tekst og foto: Randi og Vidar Sogge.