Stavgang på frigjeringsdagen
Den 8. mai, på sjølvaste frigjeringsdagen, drog Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Buret på P-øra i Bøfjorden, ein svært fin og intim serveringsstad med heilt spesiell atmosfære, og han ligg tett ved brua som går over til Bølandet i Bøfjorden.
34 deltakarar møtte, der om lag halvparten la turen innover langs nordsida av Åsskardfjorden med Olav Egil Ansnes som turleiar, medan resten gjekk over brua til Bølandet med Edna og Harry Skrøvset som guidar. Over alt vart vi møtte av vaiande flagg på kvite flaggstenger.
Per Emil Meringdal, Olav Øye, Jorunn Gujord, Sigrun Ørsal og Gunnulv Gujord kikar ned på restane etter gammelbrua, som havarerte under nyttårsorkanen i 1992.
Tor Mogstad, Bjørg Heggset, Brit Nordvik, Gunnhild Mogstad (skjult), Mali Sæther, Aslaug Hunnes og Liv Heggset har kome over til Bølandet.
Aslaug Hunnes og Brit Nordvik på Bølandet.
Olav Øye og Harry Skrøvset (turleiar) passerer eit av dei mange fine husa på Bølandet. Flagget er til topps på frigjeringsdagen.
Frå venstre ser vi Lisbet Ranes, Brit Nordvik, Aslaug Hunnes, Harry Skrøvset, Sigrun Ørsal og Olav Øye.
På tur nedover mot butikken på Bølandet.
Du verden det var godt med is! På tavla som heng på veggen er 26 trimturar i Bøfjorden avmerka.
Tilbake på brua møter vi Dårdi Sylte og hunden Mini.
Anders Sæter, Mali Sæther og Gunnvor Sæter kosar seg i sola.
Ute i den fine ettermiddagssola.
Dårdi og Mini.
Randi Sogge skjenkjer i kaffe til Johan Ørsal.
Sigrun Ørsal og Lisbet Ranes nyt å sitja ute i det fine vêret.
Her har Per Bruset servert eit av gullkorna sine.
Liv Berit står for serveringa.
Etter endt tur returnerte vi til P-øra og fann oss ein god plass ute i sola, der vi fekk servert karbonade og kaffe eller te.
Eit hyggeleg vertskap, Ragnhild Ansnes og Liv Berit Ansnes Brusethaug, og god mat gav oss ein flott avslutning på turen.
Tekst og foto: Randi og Vidar Sogge