Stavgang i Kvenndalen
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest torsdag 18. september ved gapahuken Kvennbu i Kvenndalen. Der vart vi møtt av ein mannsperson og ein orrhane, båe fint ”utskorne” med motorsag.
Ved oppslagstavla står ein mann og ønsker oss velkomne til Kvenndalen –
– og framom gapahuken ein orrhane; båe figurane laga av tre og med motorsag!
På turen innover dalen ser vi til venstre lia opp mot Snøfjellet, i midten Seterknobben og litt til høgre kneiser Trollhøtta. Mellom Snøfjellet og Seterknobben skimtar vi så vidt toppen av den 1421 meter høge Blånebba.
På turen innover dalen ser vi mange høge fjell, ma. Snøfjellet, Seterknobben, Trollhøtta og Storfjellet. Mellom Snøfjellet og Seterknobben skimtar vi så vidt toppen av den 1421 meter høge Blånebba.
Her deler vi oss. Medan ein del fortsett rett fram til Bekkøya, svingar resten av til venstre og går oppover etter bomvegen.
Randi tek bilde av Sigrun og Mali framom skiltet som viser vegen til Snøfjellet.
Her ser du resultatet.
Opp bomvegen passerer vi ei fin hytte.
Som vanleg snur vi etter å ha gått tre kvarter, og tek matpausen vår ved gapahuken.
Frå matpausen ved gapahuken Kvennbu.
Takk for ein triveleg tur i fint haustvèr!
Neste veke går turen til Mulneset. Du køyrer over Søyabrua på Kvanne og parkerer ved fotballbanen. Marsjrute forbi Søysetgarden og vidare i retning Mulneset. Matpausen blir ved fotballbanen.
Tekst og foto: Randi og Vidar Sogge