Arboretet i Svinvika

Verdens Aktivitetsdag på etterskot

Stavgang frå Svinvika

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møtest ved Arboretet i Svinvika den 23. mai klokka 13.00. Her vil vi, noko på etterskot, markera "Verdens aktivitetsdag" saman med ordførar Mons Otnes, folkehelsekoordinator Anett Ranes og kulturleiar Lilli Husby. Etter deira innslag blir det marsjering i valgfrie retningar. Det kan vera etter "Gamlevegen" mot Gjeldnes, langs fjorden eller ned gjennom Arboretet. Kafeen er åpen for servering. Minner om at rododendronen er i blomstring. Vel møtt til ei triveleg stund i Arboretet. Gamle og nye stavgjengarar ønskes velkomne.

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2293422.1537.ftrbybufwd/DSC_0371_715x477.jpg
Arboretet i Svinvika.
https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2293423.1537.acrxpyqaqe/23_715x475.jpg
 På verdens aktivitetsdag i fjor var det besøk av Liv Botten og Monna Tandberg.
https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2293424.1537.yxucscprpv/22_715x477.jpg
Foto: Randi/Vidar Sogge.  Tekst: Martinus Torvik