Sjøfart på Sjøbruksmuseet
Nordmørske skuter og mannskap er tema når Inge Dønheim og Bøfjorden Historielag inviterer til Sjøbruksmuseet søndag.
Krydra med muntre og dramatiske historier dukkar flotte skuter frå gamle dagar opp på skjermen.
Det blir gjensyn med frakteskuter, fiskedampar og seglskuter frå slofartens gullalder. Foto og fakta om mannskap blir fletta inn – med drama og humor.
Kåseriet gir også glimt av lokal skipsbygging og kva skjebner somme av skutene fekk. Dagens vert og seglskuteskipper Inge Dønheim fortel frå eige liv til sjøs.
Kaffe og småsalg som vanleg.
Kystfrakteskuta Gny i frisk sjø.
Grei - tidl. Kværnes I
Boy med last forbi Storberget i Bøfjorden rundt 1950
Søndagens vert Inge Dønheim står ved rattet på museet.