GmN 09 B†tnamn

Nytt lokalhefte: "Gamle Nordmør"

Like før jul gav Bøfjorden Historielag ut sitt første årshefte. Tittelen «Gamle Nordmør» fortel at skriftet har heile distriktet som kjeldeområde og nedslagsfelt. På dei 60 sidene finn du stoff frå Kristiansund, Halsa, Rindal, Todalen, Gjemnes, Aure og andre nordmørsbygder. Sjølsagt er Bøfjorden også leverandør av kultur til heftet.

 


Gunnvald Bøe har skrive om artige båt-namn

Du kan lesa om artige båt-namn, felebyggjaren Lars O. Hoem og trollmannen Erk på Heggem. Bureisinga i Slettå på 1940-talet er sett på vers av Johnse Sættem. Asbjørn Bævre fortel om forliset med «Statraad Riddervold» i 1944, der han var med.

 

 

Her er artiklar om skiløpar og VM-vinnar Sigurd Røen, dramatiske bjønnahistorier ved lærar Ole Aalmo (1861-1943), musikkgruppa «Styrbord» og om julesongen som vart til i krigsfangenskap på Grini.

 

 

Du finn eventyr frå Nordmøre og kan lesa om tekstilagent Hans Hyldbakk (fortalt av han sjøl), om tegneserien «Vangsgutane» og mykje anna. Det er massevis av historiske bilete i heftet.

 

 

Sjøl om årsskriftet kom ut til jul, er det ikkje eit typisk julehefte. Stoffet er kulturhistorie og er ikkje bunde til ei bestemt tid på året.

 



Skrivar i Bøfjorden Historielag, Kirsten Baadnæs Bøe, med det nye heftet.
 

 

 

«Gamle Nordmør» er å få kjøpt i bokhandel og butikkar i Surnadal, Sunndal og Halsa, i nettbutikken til Fosna Kulturverkstad eller direkte frå Bøfjorden Historielag.


Bernt G. Bøe

Klikk på bilda nedafor og sjå dei større oh som bildeserie!
 

.

GmN 03 FORLIS B‘vre Asbj›rn
Asbjørn Bævre var ombord da dampen forliste ved Skrøvsetholmen.
GmN 04 Ilabukta
Ilabukta – sentrum på Bølandet.
GmN 05 Bj›nn
Bjørn skoten i Halsa
GmN 06 Bureising Slett†
Dette seterskjelet var bustadhus i Slettå.
GmN 07 Vangsgutane
Vangsgutane – folkekultur frå Todalen
GmN 08 Gruppa Styrbord
Gruppa «Styrbord» på 1970-talet.