Picasa

Nytt korkonsept lansert

Det var fullt hus i Torshall søndag ettermiddag der folk var inviterte til korsang og sildball, eit konsept som truleg hadde sin urpremiere! Det var ingen tvil om at publikum likte smaken!

Det var 4 kor som inviterte til denne matinéen, Halsakoret, Tordenskjold songlag, Songkoret Tormod og Kor Gøttj frå 3 kommunar.

Tormod IMGP6606.jpg
Songkoret Tormod opna konserten med Bruremarsj frå Lødingen og Danse mot vår med Sander van der Loo som dirigent. Når så dirigenten med nederlandsk opphav skulle annonsere songen Toppen tå Knykja, måtte han be om forståing for at han hadde visse utfordringar med språket.

Det han hadde snappa opp av norsk i sjømannskirka i Rotterdam heldt ikkje når han skulle kommunisere med surndalingar. Utfordringane tårna seg særleg opp når koret hadde seminar med Henning Sommerro.


Når det galdt kontroll over koret og traktering av pianoet, hadde derimot van der Loo ingen problem. Det lét såre vel!
- If You Are Happy, song dei så vi ikkje var i tvil!

Kor Gøttj IMGP6613.jpg
Rindalskoret Kor Gøttj framførte Johnny Cash, med Jostein «Cash» Helgetun som stødig solist, og Bettina Helgetun var solist på Bond-låten Skyfall. Det er Dagrun Løset som dirigerer Kor Gøttj.

Jostein Cash  Helgetun IMGP6616.jpg
Jostein "Cash" Helgetun

Bettina Helgetun IMGP6619.jpg
Bettina Helgetun - "Skyfall"

Halsakoret IMGP6624.jpg
Halsakoret, også dirigert av Sander van der Loo, opna med klassisk russisk korsong av komponisten Dimitrij Bortniansky, framført med fin dynamikk. Halsakoret var det største av kora. Dei heldt fram med Irish Blessing av James E. Moore.

Tordenskjold IMGP6626.jpg
Dirigent Elin Person og Tordenskjold Songlag tok oss med på tur til Paris. Vi fekk høre eit potpori av fire rosenraude songar om Paris, med norsk tekst.

IMGP6634.jpg
Den friske konferansieren Per Ivar Østbø pirka borti eit sårt punkt for dei to surnadalskora, kven var eldst, men det vart kjapt avklara av Elin Person:
- Tormod starta først, men Tordenskjold har halde på lengst utan avbrott!

Så var det klart for sildball!
- Dette er kortreist mat, sa Østbø, for vi har bore den hit sjølv!

Sildballen var henta på Bolme Pensjonat, men både spekesilda og poteten hadde nok hatt ei lengre reise før den kom på bordet vårt, og det vart nok ball til alle.

Etter maten var det song av felleskor, og avslutning med alle kora på sena. Det var magisk!

Etterpå roa folket seg med kaffe og kaker utover kvelden.

Felleskor Kor Gøttj og Tormod IMGP6633.jpg
Felleskor med Kor Gøttj og Tormod

Felleskor Tormod og Halsakoret IMGP6636.jpg
Felleskor med Halsakoret og Tormod

Halsakoret og Tormod IMGP6638.jpg

Felleskor alle IMGP6646.jpg

Alle korsongarane med fellesnummer til slutt  -  Side by side  -  passende avslutning for vellukka samarbeid mellom dei fire kora!

Publikum IMGP6617.jpg

Sander van der Loo i aksjon 2016-11-062.jpg
Avsluttar med denne stilstudien av dirigent Sander van der Loo! Det bare MÅ bli korsong av dette!