Laksefiskar fann litterære perler på gjenbruk
Det er mange som kjem innom gjenbruksbutikken på Skei i håp om å finne ei eller anna gullgruve. Men først må vi alltid få varene inn. Laurdag 13. juli hadde eg ein kjekk dag på jobben, skriv Arne Drøpping til Trollheimsporten.
Først kom Sverre Hatle innom. Han kjenner språk og litteratur ganske godt. Han hadde med seg fleire litterære perler. Da eg tok bilete av Sverre tenkte eg på å finne kjøparar, men det vart ikkje nødvendig.
Eit par timar seinare kom ei ung dame dame med namn Silje Kristiansen Tollhaug (ingressbilde) innom. Ho har bachelor i litteraturvitenskap og skal ta master i litteratur og språk ved Høgskolen i Innlandet, Hamar. Ho er frå Årnes, men no er ho i Surnadal for å fiske laks.
Ho virka svært interessert i sitt fag og kunne knapt tru det ho fann, da ho såg bind 1-6 av Henrik Wergeland trykt på slutten av 1800-talet. I tillegg fann ho ei "lesebog på modersmålet" frå år 1900, trykt i Kristiania. Halve boka hadde gotiske bokstavar, og den andre halvdelen hadde dei bokstavane vi kjenner som normalt i dag. Ho gledde seg til å vise desse funna til sin professor når haustsemesteret starta.
Det er kjekt å stå bak disken når kundane gjer slike funn. Ho var likevel litt betenkt over at ho skulle fjerne slike perler for andre. Sjølv er eg sikker på at bøkene kom til ei som verkeleg vil sette pris på dei.
Sverre hadde også med seg ei bok med tillelen "Den himmelske brudgoms kjærlighet...." trykt i 1709.
Tekst og foto: Arne Drøpping