Hausttur til Tågdalen naturreservat
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag møttest torsdag 19. september ved Dønnembrua, betalte bompengar og køyrde til vinterparkeringsplassen på Austre Nordmarka.
14 stykke følgde Bjørg Bruset til hytta til Ingolf Dønnem, medan resten følgde John Dønheim og Per Bruset på ein runde i Tågdalen naturreservat før også dei kom til hytta hans Ingolf.
Tågdalen naturreservat vart oppretta i 1996, og er særleg kjent for alle orkidéartane sine, 16 i talet. I tillegg er det fleire målestasjonar for grunnvatn og tele og ein klimastasjon. Dette er berre ein liten del av det som går føre seg i Tågdalen naturreservat.
Stor takk til Ingolf Dønnem som ønskte oss velkomne til den flotte hytta si, til turleiarane John Dønheim, Per Bruset og Bjørg Bruset, til Malfrid Bostrøm og Bjørg Bruset som spanderte bakels og til Randi Sogge som spanderte trollkrem.
Vi får avslutta med Lars Magnar sine ord: ”The best tur ever” (Samaranch etter OL på Lillehammer).
Vi har parkert bilane på vinterparkeringsplassen og starta på turen til Tågdalen naturreservat. I front går Inger Sogge saman med turleiarane John Dønheim og Per Bruset. Til høgre Odd Enge og Karl Sogge
Snart tek vi av til venstre og kjem til informasjonstavla om Tågdalen naturreservat
På veg opp Ospslettet
Ved verstasjonen som måler temperatur, nedbør, snødjupne og luftfuktigheit. Måleresultata blir automatisk sende til Meteorologisk institutt
På turen gjennom Svartvasslettet passerer vi Svartvatnet
Vi har kome fram til Svartvasslettløa, den einaste av dei 5 høyløene i reservatet som er restaurert ( i 2011)
John Dønheim peikar på målerøret for grunnvatn, medan Jorunn Bævre og Sverre Einmo studerer apparatet som lagrar måleresultata
Karl Sogge eig garden Soleng (Storslettet), og her fortel han Lars Magnar Bævre om far sin, Mikal, som starta som bureisningsmann her etter at han hadde skjøta frå seg garden nedi bygda
Turfølgjet forlet Storslettet og tek fatt på siste etappe før matpause ved hytta til Ingolf Dønnem
Vel framme på hytta finn vi Ingolf Dønnem saman med Per Emil og Åse Meringdal. Med Bjørg Bruset som turleiar har dei gått ein litt kortare veg og kom fram før oss
Tor og Gunnhild Mogstad har funne seg plass attmed flaggstonga
På verandaen til Kårstua. Nærast sit Margrete Rø, Gunnvor Sæter, Mali Sæther og Bjørg Bruset
Godt forsynte med trollkrem og bakels sit desse på terrassen til hovedhytta
John og Gunnhild står klare med fotoapparatet
Opphaldet på hytta vart avslutta med eit gruppebilde av alle deltakarane på terrassen til Kårstua, som er like fin og forseggjort som hovedhytta og uthuset. Skulle berre mangle når eigar og snikkar er tidlegare glas- og dørprodusent Ingolf Dønnem!
Neste veke møter vi ved rasstaden i Todalsstranda medan vegen er open i tida 11.00 til 11.30 og køyrer til Bruset, for så å køyra opp til lunningsplassen på Bruset. Deretter går vi
- ein rundtur opp til Storhaugen og ned om Skarsmyra og attende til bilane
- eller går opp vegen mot Skarsmyra, evt. vidare til Storhaugen og ned att same vegen.
Matpause på Storhaugen.
Tekst og foto: Vidar Sogge