Hausttur til Storhaugen i Torvik
Torsdag den 10. oktober besøkte Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag Randi Lysø i Nestua Torvik. Medan halvparten av gruppa la i veg utover forbi Fyrlykta, var Randi turleiar for oss andre og viste veg opp til Storhaugen, ein utsiktsplass knapt tre kvarters gange opp for gardane i Torvik.
Da vi kom ned, bad Randi alle 26 deltakarane inn i den store og fine stova si på graut og bakels. Flott gjort, Randi!
Korleis var det å koma seg til skulen på Årnes før det vart bygd veg hit, ville folk vita?
Det gjekk i grunnen greitt, kunne ho fortelja. Dei gjekk på skule annakvar veke, og onkelen hennar, Ola Mikkelsen, frakta dei til Årnes med ein motorbåt han nyleg hadde kjøpt. På dei 7 åra ho gjekk på skule, var det berre èin gong vêret var så ruskut at ho ikkje kom seg heim.
Sjølvsagt hende det at vêret var stridt, og at bårene slo over overbygget på båten. Da måtte dei største gutane halda hardt i tauet til dei tre lukene, så ikkje sjøen skulle slå inn i ”lugaren”. Men redd var ho ikkje! Ikkje medan ho var lita og for ”dum” til å verta redd. Seinare, da ho fekk meir vit, var ho nok redd av og til når båten stampa i den grove sjøen og bårene slo over ”styrhuset” der han vogga på det verste frå side til side.
Etter maten vart det samling til eit gruppebilde ute, før den som ville kunne gå ned i hagen og forsyna seg med gode, raude eple.
Vi vil takke Randi så mykje for den fine velkomsten vi fekk; kjempegodt med bakels og graut og gode eple frå hagen!
Fredag neste veke møtst vi kl. 13.00 ved Vang Skisenter i Røgrenda. Dette blir årets siste turarrangement. Etter marsjen blir det også her servert graut og bakels. Hugs at denne gongen samlast vi på fredag!
Stavganggruppa hadde lagt turen til Randi Lysø i Nestua i Torvik, og med Martinus Torvik og Olav Ranes i tet
legg dei ut på tur utover i retning Fyrlykta. Flott vêr som vanleg, og eventyrleg flotte haustfargar.
Straks etter start møter dei Mathea og Sissel, som står og kjæler med to krøter av rasen Skotsk høglandsfe.
Martinus Torvik, Inger Øye og Helene Røv i det dei på heimturen passerer jordbæråkeren til Nils Chr. Torvik.
Sjå dei flotte haustfargane!
Randi Lysø viste resten av Stavganggruppa vegen opp til Storhaugen. Her skriv Oddbjørg Einmo, Lisbet Ranes,
Sigrun Ørsal og Olav Øye seg inn i trimboka på Storhaugen.
På tur nedover frå Storhaugen med fin utsikt innover Surnadalsfjorden.
Vi nærmar oss Oppistua og Nestua att.
Per Bruset og Sverre Einmo passerer Matstua i Oppistua, der far til Martinus Torvik budde under oppveksten.
Randi Lysø diska opp med smørgraut og bakels. Her sit Margrete Rø, Sverre Einmo, Oddbjørg Einmo og
Olav Ranes og ventar på tur til å få smaka på den herlege maten.
Som avslutning stilte alle opp til ære for fotografen. Fremst står Øystein og Mathea, to av barnebarna til Randi.
Epletrea til Randi bugna av frukt, og alle som ville kunne forsyna seg med eple.
Her har Grete Torvik funne seg eit stort, fint eple for å eta på turen heim til Todalen.
Alle ruslar attende til bilane.
Tekst og foto: Vidar Sogge