Gjenbruk radioen i Kamerun for ein femtilapp
No som FM-nettet sluttar å verke vil NMS Gjenbruk samle inn radioene slik at dei kan brukast i Kamerun. Radioene bør vere små og helst uten CD-spiller. Radioen bør kunne brukast både på strøm og batteri.
NMS Gjenbruk driv først og fremst med salg av brukte varer i Norge og ønsker på denne måten å vere med på å gjenbruke ting og dermed utnytte ressursane betre. No når FM-nettet sluttar å virke å virke ønsker NMS gjenbruk å bidra til å gjenbruke radioar. Radioar, som no blir ubrukelege i Norge kan brukast vidare i Kamerun. Heile denne våren skal NMS Gjenbruk samle inn radioar som skal sendast til Kamerun i Afrika i august. Det kostar også å sende dei sjølv om det skjer på billigaste måte. Defor ønsker vi at dei som gir bort radioen sin også bidrar med 50 kr. til frakt.
Radioane bør vere små, helst utan CD-spillar. Det er sagt at dei helst ikkje bør vere større enn ein to-liters mjølkekartong. Radioen bør kunne brukast både på strøm og batteri. Det må vere høgtalar i radion slik at det ikkje trengs ekstern høgtalar. Gjenbruksbutikken på Skei kan ta imot slike radioar. I Rindal kan Ole Trygve Foseide tlf 976 82 829 ta imot radioar. Elles kan underteikna, Arne Drøpping på tlf 997 15 937 ta imot radioar frå Sunndal. Reint praktisk er det greit å legge ein femti-lapp i ein konvolutt og sette den fast på radioen med ein tape.
Se mer på NMS hjemmesider.