Gunnvald Bøe

Bøfjorden Sjøbruksmuseum

Fullt hus på sesongopninga

Søndag opna sjøbruksmuseet i Bøfjorden for sesongen, med fullt hus god stemning. Bernt G Bøe og Olav Jostein Holten viste bilde og fortalde om livet i Bøfjorden og på Normøre under okkupasjonen og frigjeringa i tida 1940 - 1945.

Det er Bøfjorden historelag og folk i grenda ellers som driv Sjøbruksmuseet i Bøfjorden. Dei har ope kva søndag heile sommaren, og alt blir gjort på dugnad. Kvar søndag har dei eit tema, eit bildekåseri eller liknande. Hit kjem folk frå heile Surnadal og Halsa. Av og til blir det servert middag, og da er det ekstra mykje folk som kjem, fortel damene på kjøkkenet. På åpningsdagen søndag serverte dei sodd.

Randi Vetleseter Bøe Gyda Stålsmo og Ragnhild Skrøvset.jpg
Randi Vetleseter Bøe, Gyda Stålsmo og Ragnhild Skrøvset har alle lagt ned mange dugnadstimar på sjøbruksmuseet.

Sjøbruksmuseum 11.jpg

Gunnvald Bøe ønska alle velkomne til sesongopninga. Han viste fram nye museumsgjenstandar som sjøbruksmuseet har fått. Her var det båtbyggarutstyr, ei gamal dagbok, sambandsutstyr og eit fotoapparat fra 50-talet.

På opningsdagen var det okkupasjonen og frigjeringa som var dagens tema. Bernt G Bøe og Olav Jostein Holten viste bilde og fortalde frå Bøfjorden og Nordmøre under okkupasjonstida.

Det var 3 falne frå Surnadal under krigen. Anton Husby var kokk ombord på panserskipet "Norge", som gikk ned i Narvik i april 1940. Hallvard Røen og Gunnar P .Bøe vart skotne i kampane i Gratangen i Troms i april 1940. Les meir om det her, i denne artikkelen fra markeringa av frigjeringa i Åsskard 8. mai i år.

Gunnar P. Bøe.jpg

Gunnar P .Bøe vart berre 22 år gamal. Familien fekk ikkje beskjed om at han hadde gått bort før to månader seinare, den dagen bror til Gunnar skulle konfirmerast. Dei falne i Gratangen vart først begravd der oppe. Gunnar P Bøe si båre vart henta heim eit år seinare.

Sjøbruksmuseum 12.jpg

Bernt G Bøe viste blant anna ein serie med bilde frå begravelsen til Gunnar P Bøe. Dette var første gong heile bildeserien har vore vist.


Bøfjorden Sjøbruksmuseum held ope kl 13 - 16 kvar søndag heilt til september, med dagens tema kl 15 kvar gong. Her kan ein kjøpe kaffe og kaker, og nokre gongar middag. Vel verdt eit besøk!


Bøfjorden sjøbruksmuseum.jpg
Dette bygget var opprinneleg ungdomshus. No driv grenda det vidare som museum. Og alt blir gjort på dugnad!

Sjøbruksmuseum 1.jpg
Båtmodellar og skipsinventar

Sjøbruksmuseum 3.jpg
Ein heil båt med alt utstyr har fått plass i sjøbruksmuseet.

Sjøbruksmuseum 4.jpg
Mange var tidleg ute for å kjøpe seg middag på opningsdagen

Sjøbruksmuseum 6.jpg

Sjøbruksmuseum 5.jpg
Sjøbruksmuseum 8.jpg
Etter kvart vart det fullt hus

Sjøbruksmuseum 9.jpg