IMGP0717

Kyrkjekonsert i Ranes kyrkje

Frå mannsbasunar til kviskring

Straumsnes Songlag sine sju damer var i alle fall mest fargerike under konserten. Ellers er det stor skilnad på eit mannsterkt mannskor og eit kviskrande blandakor med tre mann, slik vi opplevde under konserten!

IMGP0708.JPG
Fin velkomst!

Søndag ettermiddag var det konsert i Ranes kyrkje i samband med songarstemnet som er i Surnadal denne helga med 11 kor og over 200 songarar.

På rekke og rad strømma kora velregissert fram i koret i kyrkja, og tilbake på plassane sine etter at dei hadde songe to eller tre songar.

IMGP0715.JPG
Heimelaget Tordenskjold Songlag, arrangøren, var først fram. Dirigent Elin Persson og Hedda Hansen Berg leda koret stødig og engasjert gjennom dei tre numra, der dei fekk overraskande (for oss) støtta av songarar frå Kristiansund Koriosa frå galleriet! Effektfullt!

Straumsnes Songlag, som du ser øverst i artikkelen, song to fargerike folketonar som dei kledde godt.

IMGP0718.JPG
Så var alle dei 25 songarane frå Kristiansund Koriosa nede frå galleriet og på plass i kordøra med tre krevande klassiske arrangement som dei kom presist igjenom leda av Elin Persson.

IMGP0721.JPG
Dei mest langvegsfarande kora var Mannskoret Ljom og Tylldalen Blandakor frå Tynset, Nord-Østerdal. May Synnøve Aavik hadde full kontroll på dei 22 karane, og vi kunne glede oss over fyldig mannskorsong.

IMGP0723.JPG
Saman med Tylldalen Blandakor framførte Mannskoret Ljom den svenske «Sommarpsalm» av W. Åhlén/D.C. af Wirsén. Med så solid mannsrekke og over 40 songarar totalt må sommaren koma!

IMGP0726.JPG
Tylldalen Blandakor framførte songane sine tydeleg og med god diksjon.

IMGP0729.JPG
Det lokale Songkoret Tormod framførte dei tre songane sine leda av to blad Alexandrov som dirigent og akkompagnatør.

IMGP0730.JPG
Aure songlaghadde stigande program og avslutta med Walk in the Light (Trad./P.O.Hildre) med dirigent Monica Bygseth som dyktig solist (nedafor) med Alexey Kurbanov sprudlande på pianoet.

IMGP0733.JPG

IMGP0735.JPG
Bud Damekor med dirigent Zaure Kjøll briljerte med krevande arrangement og lyse, klare sopranar – særleg på Northern Light (O. Gjeilo).

IMGP0738.JPG
Av dei tre numra Jazzåkoret frå Sunndal delte med oss, var det Joni Mitchells «Both Sides Now» arrangert av dirigenten Svein Asphaug Dørum som fall best i smak hos underteikna.

IMGP0740.JPG
Frå Trondheim kom koret Rolling Tones leda av Simon-André Jacobsen. Dei song lårt og reint, inga rulling, men framføringa deira av diktet Ljåen av Olav H. Hauge var sær! Dei viste at ein kan kviskre ein song med god diksjon gjennom alle stemmene! Ei oppleving som publikum viste å sette pris på med solid applaus.

IMGP0742.JPG
Sist ute var det største koret, Moldekoret, dirigert av Synne Teiseth Norbeck, akkompagnert av Hedda Hansen Berg. Dei oppnådde fin balanse mellom stemmene med å plassere dei 12 mannsstemmene rundt om i koret. Vi merka oss klåre tenorstemmer, og dirigenten fekk fram den variasjon i dynamikken ein kan få frå eit så stort, samsunge kor.

Dersom vil høre meir korsong, må du møte opp i Surnadal Kulturhus der det er stor korkonsert med dei same kora søndag kl.14.00.

IMGP0711.JPG
Raneskyrkja var full av songarar, men det var også plass til ein del publikum.