
Frå årsmøtet i Stangvik historielag
Februar og mars er travle årsmøtemånader, og måndag 6. mars var det tid for årsmøte i Stangvik historielag. Det var godt oppmøte med ein engasjert årsmøtelyd, skriv Todalen.no.
Det har vore stor aktivitet i historielaget det siste året. På årsmøtet hadde dei besøk av Tor Erik Jenstad, som er språkforskar ved NTNU i Trondheim. Han opna med å ta føre seg dei lange linene innanfor språk og dialekt.
Du kan lese meir frå årsmøtet på Todalen.no
Bildet over: Tor Erik Jenstad og Einar Grønnes (Foto: Dordi Jorunn Halle/Todalen.no)