Bøfjorden historielag melder:
Fiskemiddag og historier
Fiskemiddag krydra med underhaldande verbalstoff står på menyen hos Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag.
Museumsleiar Bernt G. Bøe lovar historie og historier attåt fiskemiddagen.
Tematittelen «Lokalhistorie på sjø og land» kunne like gjerne vore «Lokale historier frå sjø og land». For her går rindalshumor, morostubbar, rim og skrøner frå heile Nordmøre hand i hand med seriøs historikk. I alvor møter vi nordmøringar i svenskehæren på 1600-talet, hendingar frå sjølivet og dels ukjente foto. Lattersalvene tek folkehumoren seg av, delvis på trykk hos Hyldbakk, Halse, Kjønø og andre – delvis i rein verbal form. Kanskje også frå salen?
Dølajenta Randi Vetleseter Bøe har si eiga steikeoppskrift på fisk frå fjorden.
Kjøkenet serverer sin populære fiskemiddag – bøfjordsk råstoff smaksett av søndagens sjefskokke, Randi Bøe, som av alle stader kjem frå innlandsbygda Hattfjelldal. Og skulle nokon ønske pølser i staden for fisk, er det råd for det også.
Morostubbar og maritim historie blir servert saman med middag og kaffe på museet.
Tekst og foto er innsendt av Bernt G Bøe