Bøndene vil gje nordmenn norsk mat
Rindalingane viser også kva dei meiner om landbruksoppgjøret! Rindal Bondelag er særdeles skuffa over at bøndene skal få mindre enn andre grupper i årets lønnsoppgjør, seier Inge Brønstad, ledar i Rindal Bondelag. I dag var han med på aksjonen i Surnadal, men før det var oppstillinga ved Miljøstasjonen i Stokkøyan klar
Statens tilbud er illustrert med tom rundballeplast hengt opp på gammaldags hesje: Er det tilbake til hesjinga dei vil ha oss, spør Inge Brønstad og bøndene i Rindal.
Han er også svært skuffa over Sp-toppane Lars Peder Brekk og Liv Signe Navarsete. Tidenes tilbud, seier Brekk, og – alt for kravstore, seier Navarsete. Dette blir feil når tilbudet til bøndene ligg 4000 kr under det andre grupper har fått, og som det ser ut som dei er fornøgde med, seier Brønstad (bildet t.h.).
Det hjelper heller ikkje med auke i mjølkeprisen, når kraftforprisen aukar meir, legg han til.
Staten vil ikkje gje forbrukarane norsk mat, DET VIL BØNDENE! Avsluttar Inge Brønstad med store bokstavar.