Artig skidag i Bøfjorden
Veret la seg fint til rette for skileikane ved Bøfjorden Grendahus søndag. Små og store nytta årets siste snø, og inne var det pølser og kakao, basar og skihistorie
Hopprennet ved Bytenga (Bjønnahaugen) ovarfor vegen var uhøgtideleg, men viste store ferdigheter hos aktørane. Dei minste var minst like modige som dei vaksne, og alle hopp (mellom 3 meter og bakkerekord (!) på 15,5) utløyste stor begeistring frå publikum på vegkanten.
Tilbakeblikk
Tema for samlinga etterpå var hopprenn i gamle dagar. Litt om lokale småbragder i Sivertstubakkane (der Anders i Olastua i si tid hoppa ufattelege 40 meter) og lagsrenn i Ruskteigen attmed Negardsfjøset. Gunnvald Bøe kåserte, viste bilete både frå Bøfjorden, Betna og Surnadal og lova meir om emnet når historielagsårboka «Gamle Nordmør 2016» kjem til jul.
På bileta frå Bjørnheia på Nordmarka såg vi både bygging av stillas og flotte svev av blant andre Lars Sylte og Olav Joli.
Og nettopp Olav Joli (76) - lærar, i mange år rektor ved Mo skule og altså hoppveteran - fascinerte publikum med sine tilbakeblikk på opplevingar i bakken.
Olav var fødd i Romundstadbygda, men vaks opp på Fannrem. Hoppbakken i Ulvåsen fenga interessa tidleg, og berre 10 år gammal vart han kretsmeister – i «Klasse 11-12 år»! Minna vart forresten krydra med artige anekdoter – der ikkje minst den friske og slagferdige barndomskameraten Nils Arne Eggen vart sitert fleire gonger.
Foto og avisutklipp berika kåseriet. Frå Adresseavisen 1956 kunne vi sjå 16-årige Olav Joli som vinnar av sin klasse i Gråkallrennet.
Hoppmiljø i Surnadal
Som vikar og seinare lærar på Nordmøre (Åsskard og Surnadal) tok Olav Joli med seg hoppskiene hit – og bruka dei med stil og glans. (Det er ikkje hans eigne ord, men mine!) Eit høgdepunkt for tenåringen var kretsmeisterskapet sist på 50-talet, da han slo storfavoritten Hans Bakkebø med over 10 poeng - og fekk «skulmeisterveska» som premie! Så seint som i 1969 tok han sin siste tittel som kretsmeister.
Da han busette seg i Mo-sokna midt på 1960-talet, vart Olav ein sentral figur i eit hoppmiljø som da kunne oppvise namn som Bjørn Fiske, Kjell Fiske, Ingar Fugelsøy,Per Dønnem og Ola Fiske (med to veteran-NM og 3.plass i veteran-VM). Seinare følgde to gutar, begge med namnet Olav Magne, opp: Olav Magne Joli (sønn av kåsøren) vart områdemeister i 1975 – godt føre ein viss Hroar Stjernen! Og landslagshopparen Olav Magne Dønnem (sønn av Per) nådde jo lengst av alle nordmøringar i skibakken. Bileta frå Sæterbakken ved Sagatun i Øvre Surnadal fekk ein eigen glans ved dette tilbakeblikket.
Olav Joli kåserte med beskjedenhet, innsikt og humor. På avsluttande spørsmål om sin personlege lengderekord svara han forsiktig: - Å, det var vel 96 meter!
Forsamlinga kvitterte med velfortent applaus.
Den vellykka aktivitetsdagen skaffa femsifra kronebeløp til kyrkjebåtnaustet og kvalifiserte så avgjort til reprise neste år.
Håkon Bøklep i friskt svev.
Tre som kosa seg: Frå venstre Vegard, Birk og Eiri.
Veteranar med hundrevis av skirenn bak seg: Olav Joli (t.v.) og Ole Flessen.
Frå mellomkrigstida: Første rennet i Råkollen i Betna. (Bøfjorden Historielag)
Medan Olav Joli kåserte, dukka han sjøl opp på lerretet – i eit svev frå Bjørnheia på Nordmarka. – Eg bruka Recknagel-stil, som de ser! kommenterte han.
Humor prega heile dagen – ikkje minst takka vere programleiar og speaker Gunhild Bøklep Bøe. Her gratulerer ho nevøen Martin med «den fantastiske bakkerekorden» - på 15,5 meter! Til høgre ein av pådrivarane, Tore Sannes, som styrer videoglimt frå skidagen.
Olav Joli vann 16-årsklassen i Gråkallrennet i 1956. Her ein klippmontasje frå Adresseavisen den gongen.
Syver og Varg klare til skileik.
Tekst/foto: Bernt G. Bøe