Picasa

Språkåret 2013:

Aasen på Nordmøre

«Språk og spøk med Ivar Aasen» er søndagens tema på museet i Bøfjorden. Språkgeniet som var fødd for 200 år sia, gjesta Gjemnes, Tingvoll, Surnadal og Rindal i juni 1846. Lektor Gunnvald Bøe presenterer nære glimt frå dagboknotata hans.

 

Handskriftene viser både grundig språkforsking og artige anekdoter. Aasen var oppteken av kontrasten mellom daglegtale og stivt embetsspråk, og han humrar tydeleg når han fortel om Rindals-jenta som svara at «Oss bruka itj tro, oss dæmla vatnet med bøttå!» da presten spurte henne «Hvad er Troen?»

 

 

Aasen var innom både lensmann Neergaard og kyrkja i Øre. Han skriv at han feira «St. Hans Lystighed» i Stangvika og m.a. besøkte Øvre Seter i Surnadalen.

 

 

- Språksamlaren var nøye på å at folk ikkje måtte knote for ein framandkar, seier Gunnvald Bøe. – Difor gjømte han seg både på låven og bak kjøkendøra og tjuvlytta!

 

 

Allsong av Aasen-tekster høre med i programmet. Og publikum får prøve seg i ein liten språkquiz – eit ord som Aasen kanskje ikkje bruka ...

 

Museet er ope 13 - 17 kvar søndag.

Dagens Tema (som dette Aasen-programmet) tek alltid til kl. 15.00.

 

 

AASEN m Gunnv b_715x618.jpg (714×618)

 

Gunnvald Bøe let oss møte språkjubilant Ivar Aasen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag.

 

(BGBøe)