- medlemmer av Trollheimsporten
Todalen.no
Todalen.no vart oppstarta seinsommaren 2009 som eit utspring av bygdemobiliseringsprosjektet Godt mot Todalen. Todalen.no er med i Trollheimsporten, og i dag er det deira tur i medlemsruletten.
Nettsida Todalen.no har blant anna mål om å profilere Todalen og todalsamfunnet på best muleg måte, samt å vera eit opplysningsmedium via aktivitetskalenderen.
HISTORIKK
Todalen.no vart oppstarta seinsommaren 2009 som eit utspring av bygdemobiliseringsprosjektet Godt Mot, Todalen. Målet med bygdemobilisering er å utvikle livskraftige lokalsamfunn der folk trivs og ungdom finn ei attraktiv framtid.
Satsinga skal stimulere til auka trivsel, entreprenørskap og etablering av lokale arbeidsplassar, kort sagt: Medverke til at bygda også framover blir ein attraktiv buplass. I anledning dette prosjektet vart det oppretta ei synlegheitsgruppe som arbeidde mot det mål å profilera bygda Todalen og Todalssamfunnet på ein best mogleg måte.
Grunntanken var at vi skulle famne både dei som budde i Todalen, og dei som var utflytta eller andre todalspatriotar. Vi starta i det små, og med den målsetting at vi forma sida etter kvart som tida gjekk.
Etterjulsvinteren 2010 gjekk sida over i meir organiserte former og vart no ei sjølvstendig og juridisk frivillig eining registrert i Brønnøysundregistra. Då byrja og neste steg i utviklinga av Todalen.no: å knytte til seg medlemmar som ville bidra til å gjera nettsida enno betre.
Det aukande arbeidet og ønsket om fortsatt godt redaksjonelt innhald, førte til at vi trong eit stabilt økonomisk grunnlag for vidare drift, som til då hadde vore dugnadsbasert og med støtte frå Godt Mot, Todalen. Dette vart då mogleg med den støtta vi fekk frå både kommersielle aktørar og andre organisasjonar i lokalsamfunnet i form av medlemskontingent i foreininga Todalen.no. Etter kvart fekk og private personar anledning til å teikne støttemedlemskap i foreininga, dette for å kunne støtte opp om drifta og føle eit eigarskap til Todalen.no.
Sidan oppstarten av nettstaden Todalen.no har nettsida vorte stadig meir populær som nyheitskjelde for todalingar, både fastbuande, utflytta, og andre interesserte. Vi har ein fast redaksjon beståande av tre redaktørar som har fortløpande ansvar med å informere og opplyse om det som føregår på førehand samt lage reportasjar frå små og store hendingar, ikkje berre frå Todalen, men og aktuelle og interessante hendingar i lokalsamfunnet.
Styresamansetting:
Styreleiar: Sondre Halset
Nestleiar: Jo Gjeldnes
Styremedlem: Mari B. Redalen
Styremedlem: Jon Olav Ørsal (Redaksjon)
Styremedlem: Elinor Bolme (Redaksjon)
Styremedlem: Ole Petter Talgø (Teknisk ansvarlig)
Da Irene Karlstrøm presenterte Todalen.no i medlemsruletteni fjor skreiv ho dette:
Tirsdag 25. januar presenterte Todalen.no dette bildet av sol og mast, med teksten Hardangervidda neste? Foto sendt inn av Astrid Longva Kvendset. På nettsida finn du et slikt dagens bilde hver dag. Samtidig kan du lese om ting som skjer i Todalen og omegn, få med deg været i området, aktivitetskalender, medlemmer og oranisasjoner, severdigheter og arkiv.
Det er også vått i Todalen. Bildet er fra Brusetmelan, der vannet er borte, men isen ligger der fortsatt.
MEDLEMSRULETTEN
I fjor sommer startet Trollheimsporten en presentasjonsserie av våre største annonsører. Vi er nå i gang med en ny presentasjonsserie, og vil i løpet av 2011 presentere alle våre trofaste medlemmer. Helt fra oppstarten har næringsliv, lag og organisasjoner - spesielt i Rindal - benyttet sjansen til å markedsføre sin virksomheten gjennom Trollheimsporten. Nå ønsker vi å gi noe tilbake.
1. Børset Bakeri AS
2. Kor Gøttj
3. NMK Surnadal og Rindal
4. Foldenfoto - Harald Egil Folden
5. Inga Dalsegg