Edvin 1A VM

Willys ekstra arkivdykk frå sofa'n

Ski-VM i 1985 med Edvin, Reidar og Evinn

I dag åpnar VM på ski i Holmenkollen, Oslo. Trollheimsporten er på plass med reporter, og det vil kome små drypp frå Holmenkollen i løpet av VM-dagane. Mens vi ventar på det har Willy plukka fram tre mimreartiklar frå Driva i 1985. Da gjekk VM i Seefeld. Da var de 35 år (no 61 år) sidan Edvin Landsem deltok i VM i Lake Placid. I tillegg kan du nedafor lese om Reidar Helgetun og skimakar Even "Evinn" Landsem i dette ekstra arkivdykket - ein liten forsmak til ski-VM:

 

 

Edvin Landsem i arkivdykket
- Norge bør vera fornøgd med sølvmedalja, sa Edvin Landsem i Driva laurdag 19. januar 1985. Da var første øving over i Seefeld og eg hadde gjort intervju med Edvin Landsem. Han såg VM på ski frå sofa'n, slik mange av oss kjem til å gjera i dagane framover, når VM startar i Holmenkollen - i dag med åpningsseremoni og i morgon med sprint.

Det sto ikkje på programmet i 1985. Men skøytinga hadde kome og Edvin Landsem meinte det var ein uting: - Bør begrensast med snøkantar nær renna, sa han. Den store stjerna var den svenske skikongen Gunde Svan.

Første del av artikkelen les du over. Den fortset til venstre, mens du ser oppslaget på første side i Driva til høgre.

Nedanfor finn du to artiklar - og det er berre å klikke på oppslaga så ser du dei større. Den første er på fire bilder, der Willy snakka med Reidar Helgetun i Driva 24. januar 1985. Suksessen i Seefeld uteblei. Reidar var OL-deltakar i 1956 i Cortina d'Ampesso i Italia, saman med to andre rindalingar - Edvin Landsem og Magnar Ingebrigtsli.

Reidar Helgetun
Reidar vart og militær verdensmester i patruljeløp, saman med to andre rindalingar - Tore Bjørnstad og Magnar Ingebrigtsli. Det var meldalingen Odd Lykkja som var patruljeførar for desse tre rindalingane. Patruljeløp var dagens skiskyting.  1985 hadde Reidar mange tankar og meiningar om VM, om skøyting og skisporten framover. Ellers fortalte han om turen til Cortina og patruljelølpet i militært VM i 1955:

Even "Evinn" Landsem
Den tredje artikkelen frå Driva i 1985 sto laurdag 26. januar. Det var ein VM-prat med skimakar og skioppmann Even Landsem. Han var og aktiv og konkurrerte med Sigurd Røen, Magnar Fosseide og Edvin Landsem. Han var gründeren attom Landsem ski og Landsem skifabrikk og laga ski til løparane i Rindal. I tillegg var han skioppmann i Sportsklubben Troll gjennom svært mange år - klikk på bildene og sjå artikkelen. Artikkelen med Even Landsem startar under bildet av Even på det andre bildet nedanfor:

 

Reidar 1_1024x774
Reidar Helgetun 1 - OL-troppen i 1956.
Reidar 2_1024x718
Reidar Helgetun 2
Reidar 3_1024x825
Reidar Helgetun 3
Reidar 4_1024x799
Reidar Helgetun 4
Evinn 1_1024x821
Even Landsem skioppmann og skimaker.
Evinn 2
Even Evinn Landsem 2