
- også i Mariager, Danmark!
Rinddalen
Vi såg på bykartet at det i den danske byen Mariager på Nordjylland sør for Aalborg var ei gate som heitte Rinddalen. Den måtte vi undersøke! Vi gjekk gjennom smale brusteinslagte gater i den gamle byen og til idylliske gangvegar i bustadstroka.
Rinddalen viste seg å vere eit relativt nytt bustadfelt i utkanten av byen, fram mot skråninga ned mot Mariagerfjord. Romslege tomter og store hus, somme med basseng i hagen. Det var lite som minte om vår Rindal, men koseleg likevel! Klikk på bilda nedafor og sjå dei større og som serie!