Rindalingen Brit Elisabeth Haagensli
Tipp-tipp-tippoldefar:
I 1831 fekk Jon Ingebrigtson Nyhus frå Orkdal skjøte på garden Håkonslia i Rindal.
Anders og Guro Hågensli
Tippoldeforeldre:
Anders Jonson Hågensli tok over garden etter far sin. Han var gift med Guro Olsdotter Jåmo frå Orkdal. Anders Jonson selde Håkonslia i 1881 og kjøpte garden Bruråk på Strinda utanfor Trondheim. Familien flytta sidan til garden Frøset.
Anders og Guro hadde 12 barn. Av desse voks berre 4 opp.
Ein av sønene var Fredrik f. 1856.
Oldeforeldre:
Fredrik Anderson Haagensli var gift med Ingeborg Nikoline Olsdotter Snustad frå Malvik.
Fredrik og Ingeborg hadde 7 barn. Ein av dei var sonen Fredrik Yngvar f. 1888
.
Besteforeldre:
Fredrik Yngvar Haagensli var gift med Hilma Antonie Sundt frå Melhus
Dei hadde 3 barn. Av dei sonen Ingvar Fredrik f. 1920 i Oslo
Foreldre:
Ingvar Fredrik Haagensli var gift med Aasta Therese Bang frå Arendal.
Paret har tre barn:
Brit Elisabet Haagensli f. 1953
Fredrik f. 1955
Erik f. 1962
Før var det gjerne vanleg å skifte etternamn når ein flytta og ta namn etter den nye garden ein kom til.
Som vi ser har Haagenslinamnet følgt med denne familien heile vegen frå Rindal via Strinda ved Trondheim til Oslo.
Her i Rindal er det ingen som har Håkonsli som etternamn i dag.
Anne S. - med god hjelp til slektsgransking av Ragnhild Stavne Bolme