Willys arkivdykk 149
Rindalingane viste verden skivegen
Kos dere med arkivdykket denne gongen. Det startar over med Sigurd Røen og fortset under med Edvin Landsem, Mikal Kirkholt og Reidar Helgetun.
Slik blir artikkelen innleia:
I VM-statistikkane frå det første verdensmesterskapet på ski i 1929 i Zakopane i Polen og fram til årets VM i Oberstdorf, Vest-Tyskland, er det ikkje mange av "våre" løparar å finne. Likevel har enkelte vore heilt i toppen, og vi kan med rette seie at rindalingar var med og viste verda skivegen. Sigurd Røen kan vise til eit dobbelt verdensmesterskap frå 1937. Da gjekk VM i Chamonix i Frankrike og Røen var med og vann stafett og tok førsteplass i kombinert.
Tidlegare klunne ein også kalle seg verdensmester når ein vann OL. Mikal Kirkholt kan vise til sølvmedalje frå Oslo-OL, mens Edvin Landsem tok 7. plass på 5-mila. Edvin var også VM-deltakar i Lake Placid i 1950 med 11. plass på 5-mila og 22. plass på 18 km. Ellers har rindalingane gjort seg bemerka med namn som John Røen, Magnar Fosseide, Reidar Hegetun, Magnar Ingebrigtsli, Tore Bjørnstad og mannen attom dei fleste av desse, skimakaren Even Landsem.
Til dette er å legge til at Edvin Landsem tok 5. plass på 50 km i VM på ski i 1954 i Falun. Sjekk alt dette fra Wikipedia under:
Edvin Landsem (født 27. februar 1925 i Rindal, død 31. august 2001 i Rindal) var en norsk langrennsløper. Han representerte Sportsklubben Troll. Landsem vant 50 km i NM på ski i 1951. Han kom på 5. plass på 50 km i VM på ski i 1954 i Falun. Han deltok under vinter-OL for Norge i 1952 i Oslo med 7. plass på 50 km, og i 1956 i Cortina d'Ampezzo med 15. plass på 50 km.
Har du kommentarar eller noko du vil fortelle omkring dette arkivdykket fra Willy - bruk: redaktor@trollheimsporten.no og del det med alle på Trollheimsporten.
Willys arkivdykk er bildeglimt, reportasjar og avisstoff fra eit mangslungent og omfattande bilde-, film- og klipparkiv til Willy Karlstrøm i Trollheimsporten. Willys arkivdykk finn du under På Porten på den grå menylinja, når du er på Hovedsida på Trollheimsporten. Alle arkivdykk er tilgjengelege på Willys arkivdykk, Willys arkivdykk 1, Willys arkivdykk 2, Willys arkivdykk 3 og Willys arkivdykk 4 - der du finn dette stoffet. I tillegg finn du mykje anna godt stoff under På Porten - blant anna frå Edgar Kattem, Edgar Landsems utklipp fra Øvre Sæter Camping og Harald Solvik (dei siste to under Willys arkivdykk).