Willy2301110024_1024x909

Willys arklivdykk 66 - fra midten av 1980-åra

På sau-utstilling med John O. Røen

Det er utruleg triveleg å kunne presentere desse bilda fra ei sau-utstilling ved gamle Bolme skule (truleg), der barnehagen i dag ligg. Det er mangeårig heradsagronom i Rindal, John O. Røen, i sitt ess. Få har vel gjort meir for landbruket på indre Nordmøre enn han og det er mange historier som kunne ha vore fortalt om tida med John O. som heradsagronom. No med namn.

Willys arkivdykk finn du ved å klikke på linken og Willys arkivdykk 1 ligger her og Willys arkivdykk 2 (der du finn dette stoffet). Du finn og linkar til mykje godt arkivstoff på Trollheimsporten ved å klikke på På Porten på den grå menylinja, når du er på Hovedsida på den raude.

Desse utstillingane var "verdensberømte" og John O. Røen var i toppform da han for rundt og var med på kåringane og vurderingane både sau og anna husdyr. Eg kjenner ikkje alle på desse bilde - så Trollheimsporten treng hjelp for å namngje personane - bruk: redaktor@trollheimsporten.no. Til venstre ser du John O. vurdere ulla til ein saueeigar.

Sau-utstillingane var om hausten etter at sauene hadde kome ned frå sommarbeite. som vi ser er det ein fin haustdag, truleg ved gamle Bolme skule, der utstillingane i Rindal vart haldne. Utan den store innsatsen John O. gjorde for jord- og skogbruk i Rindal og på indre Nordmøre er det vanskeleg å tenkje seg korleis det ville ha stått til i dag rundt omkring på gardane. John O. Røen vart tilsett i Rindal sist i 1940-åra og verka som heradsagronom i Rindal til langt ut i 1980-åra. Er det nokon som kan gje nærare opplysningar om dette er det berre å bruke redaktor@trollheimsporten.no.

Det kunne ha vore mange historier og fortalt frå utstillingane og og mangeårig heradsagronom John O. Røen. Kanskje lesarane kan vera med å bidra her. Det hadde vore gøttj å haurt frå dette miljøet frå 1950-, 60-, 70- og 1980-åra.

Til høgre ser du John Kristian Aune ivrig vurdere sauene. Den gongen var i alle fall ikkje rovdyr på beite nokon problematikk. No i dag mister ein sauer til rovdyr om ein har dei inngjert heime på innmark også. Da er det noko som er riv ruskande gale med ein eller annan politikk ein plass.

Det skal vi ikkje gå nærare inn på her. Ein ynglefri Trollheimen for jerv er kanskje ein veg å gå, men kva med gaupa? Har du synspunkt eller historier å fortelle - bruk redaktor@trollheimsporten.no. Spaltene våre er åpne - kom med kommentarar.

 

På bildet over er det Lars Bjørnås som held sauen som blir vurdert. Bak John O. Røen ser vi Magne P. Romund-stad

Bildet til høgre: Jon Kristian Aune og Magne Heggset. I bakgrunnen Svein Skjølsvold som fungerer som sekretær.

På bildet lengst ned til venstre ser vi fylkesagronom Asbjørn Løfaldli og John O. Røen

 

Under ser du frå sauutstillinga. Klikk på bilda og sjå dei større og i serie:

 

 

 

Willy2301110012_1024x730
Alle foto: Willy Karlstrøm
Willy2301110013_1024x1358
Willy2301110014_1024x727
Willy2301110024_1024x909