Nyhetskavalkade Rindal 2011 - desember
Det var nissefest på Rindal bygdemuseum.
Du kan lese alle sakene på Kavalkade under På Porten når du er på Hovedsida. Ellers finn du stoffet hos Rindal Heimbygdlag som har informasjonsside på Trollheimsporten - kavalkadane ligg på nyhetssida deira. Du finn alle månadane i kavalkadeform her på Kavalkade under På Porten, når du er på Hovedsida.
DESEMBER 2011
18. desember vart Rindalsrennet arrangert for femtiande gong. På grunn av jubileet har rennet fått status som ST-cuprenn og det er venta stor deltaking. Og feiring vart det med skikveld laurdag kveld før rennet med Thor Gotaas.
Ei ny landbruksmelding vart lagt fram og ordførar Ola T. Heggem, tidlegare statssekretær i Landbruks- og matdepartementet, bruka mykje av tida si på den dei siste to åra. – Landbruksmeldinga legg opp til at vi skal vera sjølforsynte med dei varene det er naturleg å produsere i Norge. Også smør, sa han og peika på unormale forhold, blant anna lågkarbohysteri, som årsak til at det mangla smør i butikkhyllene før jul.
Garbergsnissen og Tifjellnissen ruva på museumstunet (over). Det første skuleelevane og barnehageungane frå Rindal og Øvre Rindal gjorde, var å levere ønskelistene, som dei hadde lagt ned mykje arbeid på. Og ønskene var mange med masse julestemning da ungene på tradisjonelt vis møtte nissene ved bygdemuseet.
13 saueeigarar med sauene sine på nordsida søkte kommunen om støtte til leige av radiobjøller. Signal frå bjøllene til privat pc skal gjera det enklare for saueeigarane å finne kadaver tidlegare. Formannskapet gjekk einstemmig inn for å gje 14 400 kroner i støtte til leie av bjøller for å halde kontroll med beitedyra.
Fødeavdelinga ved Orkdal sjukehus blir flytta til St. Olavs Hospital i Trondheim – og akuttilbodet blir kraftig redusert. Det var innstillinga til styret i Helse Midt, som skulle ha saka 16. desember.
Nissefesten til Trollheimen Ride og Kjørelag var populær (til høgre) med graut i svartgryta over bålet og turar med hest og slede – og nissepakke var det på alle – for nissen tok turen han og til tråvbanen.
Samarbeidsorganet i Orkdalsregionen (SiO) uttrykte bekymring for det som vart opplevd som ein styrt reduksjon av tilbod og fagmiljø ved Orkdal sjukehus, utan at det blir gitt garantiar for nytt innhald ved sjukehuset. Styringsgruppa, ordførarane i dei 12 kommunane, ga i ein uttale uttrykk for at føden og akutten skal behaldast. I ei innstilling til styret i Helse Midt-Norge gjekk direktør Nils Kvernmo inn for å flytte føreavdelinga ved Orkdal til St. Olavs hospital i Trondheim og redusere akuttilbodet kraftig.
Samtidig fekk ordførar Ola T. Heggem fullmakt til å leige ut eller selge areal for tilrettelegging av ambulansestasjon. I mars vedtok kommunestyret å stå for ei bygging av ny ambulansestasjon sjøl. I ettertid har Helse Midt-Norge bestemt seg for å ta attende ambulansedrifta i eigen regi.
Handlingsprogram og økonomiplan 2012-2015, samt årsbudsjett 2012, kom i hamn i kommunestyret. Der vart bustadprosjektet Rindal Vest stoppa og restarta, eigedomsskatt vart avblåst og skulestrukturen fekk vera i fred. Fleire av politikarane uttrykte stolthet og letting over at budsjettet kom i balanse utan å rokke ved skulestrukturen eller å innføre eigedomsskatt. – Dette er til det beste for tilflytting og busetting i bygda vår, sa varaordførar Berit Storholt Flåtten (Sp) (til vesntre). Senterpartiet stemte suverent ned alle forslag til auke i budsjettet, og svært lite vart endra i forhold til det såkalla blåheftet.
Kommunestyre bevilga 265 000 kroner i tilskott til bygging av ridehall i Surnadal. Det var eit historisk vedtak. Det Trollheimen Ride og Kjørelag som skal bygge halle, og i Surnadal kommunestyre vart det bevilga vel 1,3 millionar kroner. Når begge kommunane slik gir tilskott, utløyser det 50% tippemiddelandel.
Over til høgre ein glad leiar i ride og kjørelaget, Gro G. Løfaldli, hørte på debatten i kommunestyret.
Det er vatn under golvet i idrettshallen i Rindalshuset. Kommunen har fått frist til 1. mai 2012 for å utbetre problema. Det var i samband med oppsetting av volleyballnett at det vart oppdaga vatn i høla der stengene skal stå. – Vi registrerte i fjor haust at det var vatn der. Høla er rundt 20 cm under golvnivå og i høla var det vatn. Det tilseier at det er fukt i grunnen under golvet, kunne Bård Magne Sande i byggavdelinga i kommunen fortelle. Men det var ingen dramatikk i dette.
Etter 31. mai vil det ikkje bli født fleire barn ved Orkdal sjukehus. Det bestemte styret ved St. Olavs hospital i midten av månaden. – Det er galskap, sa tilsette. Dermed vart føden ved Orkdal sjukehus nedlagt og både tilsette og fødande må til Trondheim frå 1. juni. Samtidig var gleda stor ved akutten, de den døgnkontinuerlege beredskapen innan kirurgi og ortopedi blir oppretthalden.
Nye løyper gjorde jubileumsrennet for Rindalsrennet ekstra artig å gå. Magnus Moholt fra Ålen og Anne Kjersti Kalvå fra Lundamo var raskast. Rindalsrennet bau altså på nye og betre løyper i jubileumsåret, og løparane svarte med å melde seg på til rekorddeltaking. Totalt var det 402 (til høgre Jonas Nergård Tørset og Jo Svinsås)! Kvelden før feira rindalingane at Rindalsrennet runda 50 år. Langrennsveteranane Berit og Ove Aunli, Sverre Stensheim og Einar Østby, vinnaren av det første offisielle Rindalsrennet i 1961, var på plass i skibygda, saman med folkeminnegranskar Thor Gotaas (under til venstre).
Landslagstrenar Eli Landsem oppsummerte 2011 i Adresseavisen: Eit tungt fotballår! Landslaget har nådd eit historisk botnnivå og ting må bli betre. – Vi er der vi er. Rankingen lyg ikkje. At vi har vore gode før hjelper heller ikkje. No er det store nasjonar som satsar meir og meir, mens for oss har det gått litt den andre vegen. Vi har ikkje fått den effekten vi hadde håpa på, sa ho.
Odd Inge Løfald har vore banksjef i Rindal Sparebank i snart 16 år. 1. mars går han av, men pensjonist har han ikkje tenkt å bli – og han hengde seg ikkje på smørhysteriet i førjulstida. Han svor til margarin til lutefisken. Samtidig har Magne Bjørnstad, som tek over som banksjef, hatt Odd Inge Løfald som sjef det meste av sin yrkesaktive karriere. Han er spent på å ta over ansvaret for Rindal Sparebank.
Rindalingen Per Olav Foseide, som var rektor ved Halsa barne- og ungdomsskule, fekk tilbud om og takka ja til å bli rektor ved den nye fellesskulen i Halsa.
Og så kom Dagmar - sjå her og her.