Klipp frå Orkmannen 7
Vi er komne til januar 1928. Det er framleis stor arbeidsløyse, lite pengar mellom folk og mange dreg til Amerika for å søkje lykka der. Somme stader var det så gale at ein måtte sette inn naudhjelp. "Nød lærer naken kvinne å spinne," er det sagt, og kvinnene fekk lære seg å nytte ut og ta vare på ressursane. Difor blomstra kvinnehusfliden. I Rindal blir Rørdalen lagt ut til nydyrkingsfelt, men kvar skal vegen dit leggast? Og Hans Hyldbakk er framleis ein ivrig bidragsytar til avisa.
Vi er ved årsskiftet 1927/1928.
På Veidholmen er det stor naud på grunn av arbeidsløyse og dårleg fiske. Her må det settast inn naudhjelp i form av både pengar og matvarer til jul 1927. Jamvel Sigrid Undset gjev kr 1000.
Det er arbeidsløyse mellom lærarane òg.
Men er det slik at det er helst karane som blir gåande med hendene i broklommene når dei ar arbeislause?
Kvinnfolka finn alltids noko å henga fingrane i, meiner redaktøren
Men naud lærer nakje kvinnfolk å spinne....
"Få både hug og hand i gang så vert det noko gjort!"
I Rindala blir Rørdalen lagt ut til bureisingsfelt for folk som er unge og optimistiske
og vil byggje seg opp ein eigen heim.
Men kvar skal vegen til feltet leggjast? Det har det tydelegvis vore diskusjon om:
Orkmannen har ein trufast innsendar i Rindala som kallar seg 1015 som rapporterar om laust og fast som hender i bygda. I januar 1928 har han desse rapportane frå bygda:
"- Rett som det er farer det noen omkring i bygda og lodder bort et eller annet av sine eiendeler på grunn av pengeløshhet "
Det er lite nytt frå Surndala å lese denne månaden, men Hans Hyldbakk sender trufast inn nye dikt til bladet:
Og til slutt tek vi med litt laust og fast av det som rører seg rundt ikring:
Har du ikkje fått med deg tidlegare klipp frå Orkmannen, så er det berre å klikke HER