Klipp frå Orkmannen 5
Vi startar med eit vårdikt.
Redaktøren har vore på meldalstur og vorte smitta av krimsjuke, og da er det ikkje så lett å samle stoff til bladet:
No er ikkje årgangen vår av Orkmannen frå 1927 heilt komplett. Ei og anna avis manglar, også den der nokon tydelegvis har skulda lomunddalingane for å sveltefôra krøttera sine, og det vil dei sjølvsagt ikkje ha på seg.
Ingeborg Møkkelgard i Lomunddalen fylte 93 år og det var ein høg alder på den tida:
Hendinga som her er omtala, der to ungar i Møkkelgardsgrenda vart ihelslegne av lynet, kan ein òg lese om i Gards- og ættesoge frå Rindal, bind III side 387. Dette skal ha hendt 9. august 1837. Husmannsfolket som budde i Råa, som var plass under Utigard Møkkelgard, hadde berre desse to borna, og at denne hendinga beit seg fast i minnet til ei nabojente er ikkje til å undrast over.
Elles er det denne sommaren fleire auksjonar og gardar til sals i Rindala'
Anonyme brev kom det til redaksjonane før også, og alle var ikkje av ein slik "kvalitet" at dei kunne takast inn, og slikt kan det bli "bråk" av!
Skulestoff
Ved Fredriksli skule er det utlyst lærarjobb, Nordmør Folkehøgskule bur seg på eit nytt skuleår, og ved Orkdal Lansgymnas har eit nytt kull gått ut og får eksamensresultata offentleggjort i avisa. I dette kullet er det ein rindaling.
No blir det brennvin å få, så mykje me vil ha!
og i Surn'dala har det vore fråhaldsdemonstrasjon
Og elles:
Har du ikkje fått med deg dei tidlegare klippa frå Orkmannen finn du dei HER (Under "På Porten")